JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Slagkraftig spelegalskap

Manuset hadde hatt godt av ein humorgjennomgang, men elles får du actionen du blir lova.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gjengen samla.

Gjengen samla.

Foto: Filmweb

Gjengen samla.

Gjengen samla.

Foto: Filmweb

2864
20240809
2864
20240809

Actionkomedie

Regi: Eli Roth

Borderlands

Med: Cate Blanchett, Kevin Hart, Ariana Greenblatt, Jamie Lee Curtis
Kinofilm

Det er eitt eller anna år på planeten Promothea, og dusørjegeren Lillith (Blanchett) får eit uslåeleg oppdrag på den gamle heimplaneten sin, Pandora: å finna dottera til den slemme herskaren Atlas, Tina (Greenblatt), som har vorte kidnappa av soldaten Roland (Hart). Men på Pandora blir oppdraget snudd når det viser seg at Tina skal brukast for å opna ei krypt der all verdas teknologiske vedunder gøymer seg, som Atlas er villig til å ofre dottera si for å få tilgang til.

Kule Cate

Cate Blanchett er ein av desse skodespelarane som ser kul ut uansett kva rolle ho tek på seg. Rolla i Borderlands er ikkje noko unntak. Men spesielt morosam er ho ikkje, og det er dumt, for dette er ein slags familiefilm der humor er ein viktig bestanddel. Og eg legg ikkje skulda på Blanchett, for den opplagde humoristiske satsinga er den gamle moroklumpen Jack Black, som har stemma til roboten CL4P-TP (eller ClapTrap). Eg anar at det er meininga at hans rolle skal tilsvara noko à la eselet i Shrek, men då må nokon gje han eit betre manus, for eg dreg knapt på smilebandet av ein einaste replikk. Og så det er sagt: eg lo meg skakk av eselet i Shrek. Så Borderlands – ikkje ein morosam film, men er han underhaldande uansett? Ja, det vil eg absolutt seia. Overgangen frå videospel til film funkar godt for min del, men så har eg heller aldri spelt dette før. Så om alle psykoane, syregrotter og Atlas-skjold er overførte herifrå, skal ikkje seiast, men det er tydeleg at dette nok kan vera eit kjekt spel òg, for dei som driv med slikt. Helsing oldemor.

Maks mad

Lette dystopifilmar har klart vore i vinden dei siste åra, slik som dei nye filmane om Mad Max eller den meir realistiske Civil War – verda går eller har gått til pisis, og berre det å overleva krev nærast overnaturlege krefter. Noko med rennesteinsestetikken i enklavane av «normale» folk, den tamme, men eplekjekke humoren og ei slags tru på teknologi blanda med frykt for nettopp at teknologien skal ta heilt over, gjer meg nostalgisk – det er slikt eg vaks opp med gjennom filmar som Demolition Man (1993) og Independence Day (1996), for ikkje å gløyma fyrstebølgja med Mad Max Beyond Thunderdome (1985) og Tina Turners evig fabelaktige «We Don’t Need Another Hero». Og oppbyggingsmessig i Borderlands så hadde ikkje den songen vore heilt feil, då Cate Blanchett verkeleg stig fram som ein ekte, kanonkul helt, om ikkje nokon komikar. Sjølv om det er mykje vald, ser ein knapt ein drope blod, så Borderlands er på mange måtar ein vellukka popkornfilm for heile familien.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Borderlands

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis