JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Stilfull Oscar-kandidat

Den norske Cannes-suksessen Armand er ein formsterk debut.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ellen Dorrit Petersen og Renate Reinsve spelar mødrene til dei to seks år gamle skulekameratane.

Foto: Norsk Filmdistribusjon

3116
20240927
3116
20240927

Drama

Regi: Halfdan Ullmann Tøndel

Armand

Med: Renate Reinsve, Ellen Dorrit Petersen, Endre Hellestveit, Thea Lambrechts Vaulen
Kinofilm

Noko har skjedd på skulen, og Elisabeth (Reinsve) kjem køyrande i full fart medan ho på telefonen fortel sonen Armand at ho elskar han. På skulen møter ho læraren Sunna (Lambrechts Vaulen). På grunn av veik leiing må ho ta praten med Elisabeth og foreldra (Petersen og Hellestveit) til ein gut Armand skal ha tråkka særs alvorleg over grensene til.

Dei to seksåringane er kameratar, men lærarane verkar vane med at Armand skapar problem. Det som følger, er intense, utrivelege samtalar der nye detaljar dryp jamt. Stemninga er sveitt, og den føreståande sommarfesten blir neppe eit høgdepunkt.

«Armand er uvanleg stilfull og osar kvalitet i det meste.»

Brakdebut

Halfdan Ullmann Tøndel vann Camera d’Or i mai, prisen for beste debut i Cannes. Det er stort. Forventingane veg tungt når du ber privilegium og press frå ættene Bergman og Ullmann. Norsk kandidat til Oscar er filmen òg. Eg var difor ekstra spent på om Armand skulle innfri.

Skodespelartruppen er prikkfri. Renate Reinsve ruvar. Kampen mellom ho og Ellen Dorrit Petersen som mødrer spelar seg ut som mellom to alfahoer. Thea Lambrechts Vaulen overtyder som snill, stressa lærar, og Øystein Røger glitrar som feig rektor.

Vi får møte nokre kjende typar. Eit konfliktsky skuleverk møter foreldre som forsvarar sine born, koste kva det koste vil. Kanskje spelar fordommar inn? Skulen har slappe rutinar og svak leiing. Brannalarmen som går av konstant og utan grunn, varslar om manglande kontroll. Den gamle rektoren saknar ei tid med autoritet, men har resignert for lengst.

Bileta er grovkorna, slik eg likar det. Kamera snirklar seg mellom menneska, tett på. Det er klamt. Ingen kosar seg. Alt skjer på skulen. Arkitekturen får utfalde seg i mørke rammer. Bak kamera hadde Pål Ulvik Rokseth liknande romkjensle i Thea Hvistendahls Sundance-suksess Håndtering av udøde, sjølv om det påtrengande blikket er annleis.

Musikken til Ella Van Der Woude skapar trykk, støtta av lyddesign med sans for detaljar. Stramt drama bryt med realismen etter kvart. Klimaks minner meir om moderne dans enn dialogdrive drama. Utskeiinga er underleg fin.

Ambisjon

Med tanke på tema er Barn av Dag Johan Haugerud og Monster av Hirokazu Kore-eda nærliggande referansar frå dei siste åra. Armand held ikkje heilt same nivå som dei, men desse kanonfilmane er vel heller ikkje ei rettvis samanlikning for ein debutant. Det lyt stå sidan det speglar høge mål.

Armand er uvanleg stilfull og osar kvalitet i det meste, men kanskje svinn litt kompleksitet på tampen. Medan stilen strålar, får eg ei kjensle av at historia ikkje var like samansett og original som ein kunne håpe på undervegs. Så kva sit vi att med? Eit intenst mellommenneskeleg drama der sterke rolleprestasjonar løftar fram karakterane, og ein grådig flott film.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gjertrud Jynge spelar den vaksne kvinna og Gina Bernhoft Gørvell den unge i dramatiseringa av romanen til Linn Ullmann.

Foto: Erik Berg

TeaterMeldingar

Etter ei seksuell oppvakning

Ei intens og til dels medrivande framsyning, som den forenkla regien stundom driv over grensa til det monotone.

Jan H. Landro

Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.

Foto: Dagfinn Nordbø

MatFeature
Dagfinn Nordbø

Skogens gull

Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Einstonige undertonar

Me kan seia noko med ein spørjande eller fortruleg tone, slå fast at «det var nye tonar» eller få høyra at me ikkje skal ta den tonen.

Ellen Dorrit Petersen og Renate Reinsve spelar mødrene til dei to seks år gamle skulekameratane.

Ellen Dorrit Petersen og Renate Reinsve spelar mødrene til dei to seks år gamle skulekameratane.

Foto: Norsk Filmdistribusjon

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Stilfull Oscar-kandidat

Den norske Cannes-suksessen Armand er ein formsterk debut.

Kathinka Steenstrup er utdanna kriminolog og arbeider som konfliktrådsmeklar i straffesaker og som sinnemeistringsterapeut.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Tinderkliving

Eg er oppmuntra av Kathinka Steenstrups nedmuntrande roman om Tinder-røyndomen.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis