JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Symbolfest for heile familien

Av og til er det heilt riktig med ein oppfølgjar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Riley har nyleg blitt tenåring, og hovudkvarteret går derfor gjennom ei ombygging for å få plass til noko uventa: nye kjensler.

Foto: Disney / Pixar

3105
20240614
3105
20240614

Teiknefilm, familie

Regi: Kelsey Mann

Innsiden ut 2

Med norske stemmer: Line Verndal, Suzanne Paalgaard, Dennis Storhøi ofl.
Kinofilm

Riley frå fyrste filmen er ikkje lenger ei lita jente, men har fylt tretten. Dette krev nye kjensler i hovudkvarteret hennar, hjernen – det blir for enkelt med Glede og Sorg og dei andre primærkjenslene når puberteten set inn.

Brått kjem Angst og Misunning rasande inn i manesjen, og alt held på å gå i spinn. Korleis skal Riley takla nye venskap og konkurranseinstinkt med desse nye spelarane oppi hovudet?

Pixerert

Pixar har gjort ein del rett sidan George Lucas og kumpanane etablerte sitt grafiske selskap i 1979 og tok opp kampen med verdas mest kjente teiknefilmselskap Disney.

«Klart det måtte koma ein oppfølgjar om puberteten!»

Brit Aksnes om Innsiden ut 2

Det vil seia, den fyrste verkelege suksessen kom med Toy Story (1995) og etter det kom Oppdrag Nemo (2003) og De utrolige (2004), før dei blei kjøpte opp av – kven andre? – Disney i 2006.

Dei har uansett fått fortsetja satsinga på langfilmar og sitt eige, litt meir avanserte uttrykk under Pixar-namnet. Så lenge det finst ungar, vil det nok finnast teiknefilmar. Og Pixar utmerkjer seg verkeleg. Eg såg Innsiden ut (2015) med stor glede – det å gjera kjensleliv om til barnefilm er verkeleg ein strålande idé. Det skal seiast at Woody Allen gjorde noko tilsvarande i komedien Alt du vil vite om sex (men ikkje våger å spørre om ) (1972), der det er full panikk i hjernen for å få sexakta i gang – enormt moro, særleg med Allen som den engstelege krisemaksimatoren. Og kvifor ikkje overføra det til langt meir uskuldige situasjonar som familierelasjonar og oppvekst?

Hovudkvarteret

Med nydelege, vesle Sorg, hjartegode Glede og herlege Avsky lo og grein eg meg gjennom fyrstefilmen og følte at dette var ein teiknefilm som verkeleg snakka til alle menneske, det universelle at me alle går igjennom omtrent dei same stadia og har dei same grunnkjenslene.

Klart det måtte koma ein oppfølgjar om puberteten! Og filmen er elegant løyst, på sitt venleg humoristiske vis. Eg synest vel eg lo endå høgare av karakterar frå den fyrste Innsiden ut, men eg skrattar godt av den pikselerte datahelten Lance Slashblade og når den søte, skrukkete Nostalgi stikk hovudet inn for så å bli kasta ut igjen – ho er altfor tidleg ute!

Men det mest effektive grepet, som eg vil tru kan fungera på ulike plan alt etter alderen på sjåaren, er altså introduksjonen av Angst. Om dette er fagleg korrekt, har eg ikkje føresetnad for å avgjera, men at det engstelege elementet ikkje er sunt når det får overtaket, treng ein nok ikkje ei grad i psykologi for å skjøna.

Til slutt blir det ein slags kamp mellom vondt og godt, berre at det er rom for nyansar også her. Resultatet er at tårene renn, kan det vera den gamle Nostalgi-dama som har dukka opp? Det fungerer uansett – for heile familien, med ulike auge og ulike kontrollsenter i hjernen.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

USA var landet der den globale auken i fedme tok til for alvor. Nord-Amerika utgjer i dag halve marknaden for vektreduksjonsmidla til Novo Nordisk.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

HelseSamfunn

Store pengar i tomme magar

Verda er villig til å betale mange milliardar for å misse matlysta.

Per Anders Todal

Tyskland og Frankrike leiar saman luftvernkoalisjonen for å støtte Ukraina. Men Tysklands forsvarsminister Boris Pistorius (t.v) har ikkje fått med seg Frankrike på sitt initiativ for å investere i felles europeisk luftvern til eige territorium. Biletet syner Pistorius og Ukrainas president Volodymyr Zelensky i Tyskland, der ukrainske soldatar vert trente i å bruke det amerikanske langtrekkande luftvernsystemet Patriot.

Foto: Jens Buttner / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Den innvortes forsvarskampen

Arbeidet med eit felles luftvernsystem over Europa
vert avgrensa av nasjonale industrielle omsyn.

Kong Harald tok i audiens imot Eirik Kristoffersen på Slottet for å tildela han Krigskorset  i 2011.

Foto: Lise Åserud / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Baksida av medaljen

Forsvaret og forsvarssjefen har måla seg inn i eit hjørne. Dei nekta for at dei visste at feil mann blei tatt. Så påstår dei at mannen dei tok, uansett må ha vore ein Taliban-leiar.

Når Billy (Vic Carmen Sonne) og Nilo (Silvana Imam) møtest, blir det kjærleik ved første blikk.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Eksplosjonar i hovudet

Ein har ikkje vondt av å utfordra tankemønstera sine, særleg ikkje når det er underhaldande i tillegg.

Vivienne (Vicky Krieps) innleier eit forhold til danske Holger (Viggo Mortensen) i det vestlege USA i 1860-åra.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Vicky + Viggo

Vicky Krieps slår Viggo Mortensen i den romantiske westernen hans.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis