Systrene Løvehjarte
Det er noko underleg nostalgisk over denne gufne sci-fi-dystopien.
Apokalypsen er der, sivilisasjonen ligg i ruinar, økosystemet har brote saman, men livet går likevel vidare.
Foto: Tour de Force
Science fiction / Drama
Regi: Kristina Buozyte, Bruno Samper
Vesper
Med: Raffiella Chapman, Eddie Marsen, Rosy McEwen
Kinofilm
Jorda har ikkje overlevd den økologiske krisa, og dei få gjenlevande lever på dei ekle røtene som er einaste føda dei har tilgang på. Unge Vesper (Chapman) bur saman med faren, som er lenkja til senga, og dottera fôrar han med rotsuppe gjennom ein sonde i magen. Han følgjer henne via ein drone frå tida då han var citadellsoldat.
Citadella er samfunna der ein enno har velstand og mat – og trælar kunstig framstilte i laboratorium. Onkelen Jonas (Marsen) er ein av få som har direkte kontakt med citadella gjennom sine biologiske eksperiment og blodoverføringar. Det er dårleg nytt for både Vesper og den nyfunne venen hennar, Camellia (McEwen).
Ei oppsummering av Vesper er ikkje lett å gjera kortfatta, merkar eg. Her er så mange lag og historier bak historiene og element av fantastisk natur. Elles er fantastisk natur noko som berre eksisterer i Vespers vesle syntetisk-biologiske drivhus. Det grå landskapet som elles omringar dei få menneska, er så til dei grader livlaust og gjørmete.
Alt er utan farge, både klede, hus og sjeler. Eg støkk til av ein del syn, så det er ikkje ein film for lettskremde, sjølv om det ikkje er ein spesielt valdeleg film. Likevel er det ein kamp om liv og død, eller rettare sagt eksistens, for det kan synast som at meininga med livet ikkje er anna enn å overleva.
Om alt dette høyrest uendeleg trist ut, kan eg forsikra deg om at det er det. Men så skjer det noko – heile tida, det er knapt eit daudpunkt i heile filmen, stadig nye spektakulære detaljar som fascinerer, og ei handling som mest minner om eit eventyr.
Uvisjon
Det skortar ikkje på postapokalyptisk tematikk i filmverda for tida, noko som sjølvsagt speglar mediebiletet elles i samfunnet: Er me i ferd med å øydeleggja planeten? Botanikarar slår alarm om artar som står i fare for å verta utrydda, og Vesper må jo vera ein draumefilm for dei som er spesielt opptekne av artsmangfald.
Det kan endeleg vera at filmskaparane Kristina Buozyte og Bruno Samper er rabiate klimakrigarar, eg har ikkje sett dei førre filmane deira, men ein treng ikkje ha ein agenda for å laga film basert på klimakrisa for å tenka ut slike scenario. Og synske håpar eg for Guds skuld ikkje at dei er!
Spesielt
Det er noko med stemninga i Vesper som får meg til å tenka på både The Handmaid’s Tale (ufridom og fertilitetsslavar) og Brørne Løvehjarte (samhaldet og kampen mot det vonde), noko som vekkjer både nostalgi og gjenkjenning på eit vis. Utan at det eigentleg trengst referansar, eg har vel berre eit behov for å plassera denne unike filmen i håp om å overtyda folk om å gje ein heller smal film ein kjangs.
Og om å vera så snill å sjå filmen på stort lerret. Spesialeffektane er vilt imponerande og minner meir om teknikkar eg kjenner frå animasjonsfilmar frå tsjekkiske Jan Svankmajer enn noko Hollywood FX-studio. Så er også filmen ein litauisk produksjon trass i engelske skodespelarar, det kan kanskje vera noko av grunnen til at det kjennest så forfriskande originalt i stilen. Det er visuelt rart og mektig på ein gong, og garantert ein film som kjem til å festa seg i minnet og på netthinna.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.