Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Tid for samtid

Fire veggar kan romma mykje drama.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Alle» kjenner til det italienske familiestyret med tytande folk og kokande mat overalt, og litt slik er det i Sieranevada.

Foto: Tour de Force

3235
20170512
3235
20170512

Drama

Regi: Cristi Puiu

Sieranevada

Med: Mimi Branescu, Dana Dogaru, Bogdan Dumitrache

Heile storfamilien samlar seg for å minnast far og bestefar før gravferda. Legen Lary (Branescu) er der med kone og barn, systera med baby og barnefar, og broren kjem omsider frå militærposten sin. Den utvida storfamilien er der òg, i den tronge, overmøblerte leilegheita i Bucuresti, der det vert diskutert, kokkelert og røykt i eitt sett. Konspirasjonsteoriar om 11. september og åtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen vert blanda med teoriar om at den avdøde kanskje ikkje var så tvers igjennom god. Og når det kjem til stykket: Det er kan henda det er fleire som ikkje har så plettfritt samvit?

Langt og godt

Den rumenske nybølga i film er noko både eg og kollega Tveit har skrive om her. I tillegg til Cristian Mungiu, som nyleg hadde Den store prøven på kino, er Cristi Puiu ein av tungvektarane. Han vann Un certain regard-prisen i Cannes for Lazarescus død (2005), ein film som hausta mange lovord også i norsk presse. Denne og Sieranevada har nokre fellestrekk, mellom anna at dei begge slepp unna med å vara i nesten tre timar utan at det eigentleg skjer så mykje. Der kan det hende eg tok luven av ein del potensielle sjåarar, men det kan ikkje gå usagt. Som kinomaskinisten humoristisk påpeikte då eg var på veg inn i salen: Kvifor vera ute i sola når du kan sitta tre timar i mørket og sjå rumensk samtidsdrama?

Difor

Grunnane til å sjå filmen er mange: herlege rollekarakterar, interessant dialog og innblikk i ein annan kultur, for å ta det overflatisk. På same måte som bøkene til Jon Fosse har ei framdrift trass i tilsynelatande endelause gjentakingar, sit eg og fordøyer dei trivielle samtalane og situasjonane i Sieranevada, og nesten umerkbart har det opna seg ei ny innsikt. Familien er samansett, og det er øvre middelklasse heller enn arbeidarklasse, trass i det stusselege husværet. Her er legar og intellektuelle og tidlegare revolusjonære. Ceausescu er framleis eit tema, noko som kanskje seier ein del om Romania – landet slit enno med struktur og kultur etter avrettinga og dermed jernteppefallet i 1989. Nettopp dette nærværet av fortida gjer filmen endå meir interessant, ikkje minst manifestert ved fabelaktige tante Evelina – beinhard regimehatar og iherdig patriot.

La familia

«Alle» kjenner til det italienske familiestyret med tytande folk og kokande mat overalt, og litt slik er det i Sieranevada. Rumensk er også eit latinsk språk som til tider høyrest nesten portugisisk ut, så det søreuropeiske preget er tydeleg, trass i den klare austblokkestetikken. Spelefilm er meir enn nokosinne ein av våre viktigaste hjelpemiddel for å få innblikk i korleis verda er sett saman. Som alltid viser det seg at me har meir til felles, trass i religion, økonomi og kultur, enn det som skil oss. Gjennom små historier, digresjonar og situasjonar vert me kjende med heile den store, bråkete familien. Tre timar i kinomørket gjer berre at sola verkar ekstra varmande når ein kjem ut.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Grunnane til å sjå filmen er mange: herlege rollekarakterar, interessant dialog og innblikk i ein annan kultur.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis