Til Titran med kjærleik
Spelefilmdebuten gjev håp om at bygdeoriginalkomediane kan bli originale på ekte.
Pål Sverre Hagen spelar hovudrolla som Johan. Pey, spela av Vee Vilmonal, til høgre.
Foto: Norsk Film Distribusjon
Drama / komedie
Regi: Hallvard Witzø
Alle hater Johan
Med: Pål Sverre Hagen, Ingunn Beate Øyen, Ingrid Bolsø Berdal, John F. Brungot
På øya Titran på trøndelagskysten får vesle Johan brått foreldra sine, motstandsfolk under krigen, rivne vekk. Han veks opp saman med onkelen og tanta (Øyen). Han er ein raring, men nabojenta Solvor og han heng saman. Heilt til det også går i lufta. Over ulike tiår møter me igjen Johan (Hagen) og Solvor (Berdal) og andre øybuarar.
Norskomedie
Det er noko uverkeleg heilt frå starten: Ved eit vatn sit ei kvinne med eit lite barn på fanget, då det opp frå vatnet stig eit nøkkaktig vesen. Dette er far til barnet, mannen til kvinna, og den vesle familien er tydeleg glade og oppstemte. Smilande trykker dei saman ned detonasjonsapparatet, og i det fjerne blir ei bru sprengd i vêret.
Komikken då det lystige paret bankar på hjå motstandsgjengen i ei anna vik, viser at saman med manusforfattar Erlend Loe har regissør Witzø tenkt å kombinera oppskrifta på norske komediar: rare karakterar i gamaldagse klede på avsidesliggande plassar som reflekterer eit gjenkjenneleg bygdesamfunn med gjenkjennelege tullingar som me alle kan le av. Forskjellen frå til dømes filmane til Bent Hamer (Eggs, Salmer fra kjøkkenet) er at bak ligg ei ekte og tragisk historie, som gjer at det absurde ikkje framstår så kjenslekaldt, mindre kalkulert og dermed meir sympatisk.
Artig
Det er ei klassisk felle for ein komedie å dra inn for mange komikarar. Ved å la John F. Brungot jamt over vera den einaste som bannar med overdrive lys stemme så spyttet fyk mens han spenner ilsk etter alt som kjem i hans veg, balanserer Alle hater Johan akkurat innanfor mine tolegrenser.
Særleg Ingunn Beate Øyen som tante Magnhild er enormt god. Takk og lov skal ikkje Pål Sverre Hagen prøva å vera morosam, det ville blitt Dynamitt-Harry. Styrken her er at skodespelarane får spela ut det humoristiske utan å sperra auga krampaktig opp mens dei lèt som dei er trønderar.
Eller, det siste gjer dei jo etter alle kunstens reglar, i alle variantar av dialekta, men dei hadde heller ikkje fått fram dette nydelege lokale tilsnittet om dei ikkje gjorde eit forsøk. «Det blei litt dumt, dette her, Johan», er eit nydeleg understatement som gjer at det blir «artig» på ekte.
Søk etter kjærleik framstår genuint, og det er igjen denne botnen av ektefølt omsorg for hovudkarakteren som gjer at eg absolutt ikkje hatar Johan.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.