Tilbake til Tromsø
TROMSØ: Etter spenning om reglar fekk Tromsø internasjonale filmfestival vise flotte filmar til folk fysisk.
Renato Borrayo Serrano har laga dokumentarfilmen om livet til nomaden Ivanna i Sibir.
Tromsø internasjonale film-
festival
Tromsø 17.–23. januar 2022
Den digitale verda er ei fattig trøyst for oss som elskar kino. Etter sofafestivalen i fjor opna tradisjonsrike TIFF dørene igjen i år. Det var mykje kjekt å sjå.
Konkurranseprogrammet har filmar festivalen vil løfte fram. Det sentrale programmet er estetisk, tematisk og geografisk breitt. Det gler meg. Fransk-belgiske Zero Fucks Given av Julie Lecoustre og Emmanuel Marre er frisk og flott. Adèle Exarchopoulos gjer ei strålande rolle som apatisk flyvert i eit lågprisselskap. Stjerna frå Blå er den varmeste fargen ser ut til å bry seg akkurat så mykje som tittelen ber bod om. Arbeidsforholda er elendige og reglane idiotiske, men fagrørsle er eit framandord for antihelten Cassandra. Fokus er på fyll, sex og neste lønnsslipp. Denne stilsikre og aktuelle filmen aukar ikkje suget etter å fly på ferie.
Den tyske dokumentarfilmen Mr. Bachmann and His Class av Maria Speth er for dei som vil gå i djupna. I tre timar og trettisju minutt blir vi kjende med ein ungdomsskulelærar som veit at tanken er fri. Møta med elevane har mange rørande augneblinkar og spennande utvikling. Stilen slektar på TIFF-favoritten Frederick Wiseman, men med meir prat.
Anita Rocha da Silveira frå Brasil har laga den dystopiske sciencefictionfilmen Medusa. President Bolsonaro har inspirert til ein drøss med dystopiar frå Brasil. Medusa er stilig og poengtert, sjølv om han ikkje er like snedig som Guddommelig kjærlighet eller rebelsk som Bacurau i same sjanger.
Nordaust
Ein annan brasilianar har reist til Russland. Renato Borrayo Serrano står bak dokumentarfilmen Life of Ivanna. Ivanna er nenetsar og nomade. Ho lever eit hardt liv i Sibir med ungane sine. Tallause krabatar spring rundt med kniv og passar på kvarandre med tvilsame HMS-val i den mobile heimen. Gazprom tek over, og nomadisk urfolksliv svinn hen. Filmen blandar sterke kjensler og humor.
I programmet «Film fra Nord» finn vi òg ein viktig finsk dokumentar. Eatnameamet – Our Silent Struggle av Suvi West er eit aktverdig angrep på nordisk kolonialisme i samiske område. Den norske relevansen er tydeleg.
I «East Side Stories»-seksjonen får vi eit fint knippe filmar frå Russland og Ukraina. Ukrainske Stop Zemlia av Kateryna Gornostai er eit vakkert, kult og universelt portrett av vanleg ungdom. Forelsking, forviklingar og lefling med seksualitet er skildra utan klisjear. Debutanten har tatt solide kreative grep, og ungdommane spelar godt.
Gornostai vann ein pris på Berlinalen, mens russiske Kira Kovalenko vann ein gjæv pris i Cannes med spennande og intense Unclenching the Fists frå kaukasiske Nord-Ossetia 15 år etter Beslan. Tema er trauma, men tittelen ber på von. Figurane er samansette, og Kovalenko får fram motstridande familieforhold med framifrå narrative grep.
Mot sør
Sør for Kaukasus finn vi det evige kvalitetsfilmlandet Iran. The Wasteland av Ahmad Bahrami er ei gripande skildring i svartkvitt av livet på ein gamaldags mursteinfabrikk i goldt landskap. Fotografen leikar flott med skuggar og ljos i eit drama av klassisk iransk merke. Tyrkiske Commitment Hasan av Semih Kaplanoglu har òg trekk av iransk filmtradisjon, med nyansert og varsamt bygd drama om moralske dilemma. Forteljinga om familie, arv og jordbruk står ikkje stort tilbake for den tyrkiske nestoren Nuri Bilge Ceylan.
Tromsøværingane har òg henta film heilt sør i Argentina. Camila Comes Out Tonight av Inés María Barrionuevo er eit oppvekstdrama med nydelege nyansar. Utan teite, trauste trekk fortel filmen om ei frilynt, feministisk jente på konservativ skule. Sentrale sosiale og politiske konfliktar er smart handterte. Slik materie er TIFF rik på. Det var godt å få vitje kinosalane i nord igjen i år.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det sentrale programmet er estetisk, tematisk og geografisk breitt. Det gler meg.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?