Trommehinder
Velmeinande betyr ikkje nødvendigvis vellukka.
Trommeslagar Ruben (Riz Ahmed) får livet snudd på hovudet når han mistar høyrselen.
Foto: Selmer Media
Drama
Regi: Darius Marder
Sound of Metal
Med: Riz Ahmed, Olivia Cooke, Paul Raci
Kinofilm
For Ruben (Ahmed) og Loulou (Cooke) er livet på landevegen og som turnerande metallduo akkurat det som skal til for å halda dei nøkterne og i mental stabil forfatning. Når trommeslagar Ruben brått mistar høyrselen, endrar alt seg.
Tøffingar
Det er ikkje lett å laga filmar om livsomveltande, traumatiske hendingar utan å trakka uti klisjéhengemyra. Manusforfattar Derek Cianfrance har laga knallsterke filmar og seriar før (inkludert seriefavoritten min frå i fjor, I Know This Much Is True), men her må eg seia eg ikkje er like imponert.
Sound of Metal er så enkel at eg til tider føler eg ser ein vellaga opplæringsfilm om døve, ein sånn film der våre eigne fordommar om «typisk døve» skal gjerast til skamme.
Institusjonsgarden Ruben reiser til, er ein stad for unge døve med rusproblem, noko som i grunnen berre bidreg til kjensla av stereotypar: den mannhaftige lesba, den røykande tøffingen med ringar i nasen, den skvære hippiedama og ikkje minst: sjefen for det heile, som har hestehale, ei sardonisk mine og har vore ute ein vinterdag før, skal eg helsa og seia.
Kan verkeleg den harde Ruben falla for denne AA-aktige tilnærminga og samtidig innfinna seg med at han er vorten døv?
Matte perler
Innimellom er det godt å sjå slike oppskriftsfilmar der helten må jobba seg gjennom det utenkjelege og forhåpentlegvis landa på rett side av grøfta, heller enn nedi. Likevel må eg seia det er vanskeleg å oversjå dei mange opplagde poenga som kjem som velkjende perler på ei like velkjend snor. Då kjem ikkje dei store emosjonane for min del.
Meir interessant er måten dei simulerer høyrselstapet på, med ulydar og stille, som illustrerer godt (om enn ikkje medisinsk korrekt) kor usannsynleg hemmande det må vera å ikkje høyra skikkeleg.
Det finst ikkje flust av filmar baserte på det å vera høyrselshemma, men viss du er interessert i temaet og vil ha ein særs original vri, om enn brutal og rå, så kan du godt drista deg til den ukrainske Stammen (2014).
På ein god dag
Det er litt festleg at Riz Ahmed omtrent samtidig med Sound of Metal spelte inn filmen Mogul Mowgli (2020), som handlar om ein turnerande rappar som plutseleg får ein alvorleg sjukdom. Kva er oddsa, liksom? Så gjenstår det å sjå om Oscar-juryen deler like rundhanda ut prisar til skodespelarar som tek på seg lidande roller, som dei har gjort så mange gongar før. Han bør jo ha gode sjansar.
Ahmed er eigentleg britisk, til liks med motspelar Olivia Cooke. Det trekker ikkje ned for min del, sidan eg ikkje er stø i aksentar frå USA uansett. Dei er begge gode i rollene som Ruben og Loulou, sjølv om det som sagt er vanskeleg å fri seg heilt frå ei litt flau kjensle av at heile registeret av sjokk, avmakt, fortviling og fornekting skal stå skrive i auga på Ruben.
Trass i at eg har alle desse innvendingane, vil eg altså ikkje avskriva Sound of Metal heilt, då filmen har denne eigne underhaldningsverdien som kan passa godt ein søndagskveld.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det finst ikkje flust av filmar baserte på det å vera høyrselshemma.
Fleire artiklar
Å utvikle søvnframkallande tomatar ved hjelp av genmodifisering er kanskje ikkje å forbetre evolusjonen, skriv Siri Helle.
Foto: Frank May / NTB
Genteknologi til kva bruk?
Teknologi som endrar gen, er komen for å bli. Men treng vi han i matproduksjonen?
Betlehemsstjerna.
Foto via Wikimedia Commons
2024 eller 2031 etter Kristus?
Når blei Jesus fødd? Kva er utgangspunktet for tidsrekninga vår?
Teikning: May Linn Clement
«Jan Ansgar har levd lenge i trua på at han kan finne mandelen like godt som alle andre.»
Foto: Flamme Forlag
Eit dikt om honning
Honningen – flytande, glitrande, gul som sollyset – er både kvardagsleg og heilag.
Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Foto: Wikimedia Commons