Tungt fornøyeleg
Small Axe gjev meg lyst til å grava fram dei gamle Nei til rasisme-jakkemerka mens eg høyrer høg dub-reggae og planlegg neste londontur.
Den britiske antologiserien inneheld fem filmar som fortel om livet til vestindiske innvandrarar i åra 1960–80.
Foto: BBC One
Dokumentarisk drama
Regi: Steve McQueen
Small Axe
Med: Shaun Parkes, Letitia Wright, Malachi Kirby, John Boyega
NRK frå 11. mars
Over fem episodar tek stjerneregissør Steve McQueen for seg fem enkelthistorier der hovudpersonane har til felles at dei er britar med vestindisk bakgrunn.
Den britiske regissøren må nok framleis leva med å bli forveksla med den berømte skodespelarnamnebroren, sjølv om han etter kvart har bygd seg opp ein så solid CV at det snart ikkje skulle vera naudsynt. Med Oscar-statuett for 12 Years a Slave (2013) og filmar som Shame (2011) og Hunger (2008) under beltet stiller du sterkt til å både tena dei store pengane og få dei store prosjekta. Eg vil tru det er sistnemnde McQueen hovudsakleg går for når han no vender linsa mot sin eigen kulturelle arv.
Utilslørt rasisme
Storbritannia har ikkje det same dårlege omdømet for rasisme som det USA har, sjølv om det var britane som i stor grad stod for nettopp slavehandelen på andre sida av havet. Men dei mange som kom til dei britiske øyane gjennom Det britiske samveldet, møtte ikkje opne armar i røynda, om dei gjorde det på papiret.
Sjølv om McQueen tydeleg har ein agenda med å fortelja om den utilslørte rasismen som har møtt dei mange tilflyttarane frå Dei vestindiske øyane, handlar den ambisiøse Small Axe-serien like mykje om å gjera oss inngåande kjende med menneske, kultur, mat, musikk, stemning og språk. Det skadar heller ikkje at klesmote, frisyrar og stilartar generelt frå 70–80-talet gjer seg usedvanleg godt på film.
Mot normalt
Regissør McQueen er ikkje kjend for å ha dårleg tid når han filmar. Der ein av reine framdriftsgrunnar kunne kutta mykje, ville ein utvilsamt gått glipp av detaljar som gjer at handlinga går langt djupare under huda.
Fyrsteepisoden Mangrove varer rett over to timar, medan dei andre er noko kortare. Og det er verkeleg god historieinnføring, sjølv om ein sjølvsagt må sjå stort på det, all den tid det er den tvilsame basert-på-sanne-hendingar-sjangeren me snakkar om her.
Nærleiken til materialet gjer uansett at det som utvilsamt er autentisk skildra, er miljøa handlingane utspelar seg i. Eg får ikkje berre vera vitne, eg får vera med på festen, og eg får føla på slaga og kommentarane. Faren med tilbakeblikk kan vera å kvila seg på at det var så gale i gamle dagar og at alt er bra i dag. Viss ein klarar ta inn over seg kva normale menneske må tola fordi majoriteten ikkje toler at «normal» kan ha fleire tydingar, så tenkjer eg me er mange hakk på veg. Small Axe hjelper godt til på vegen.
Matnyttig
Sjølv om det årlege karnevalet framleis går føre seg i Notting Hill, er det lett å gløyma at dette no snobbete, kvitskura området ein gong var ein utprega vestindisk bydel – den fabelaktige filminga til Shabier Kirchner bidreg til å vekka denne svunne epoken tilbake til live.
Alle fem filmane er filma i ulike format, noko som igjen bidreg til kjensla av å sjå fem sjølvstendige verk heller enn ein serie. Når stoffet også er såpass tøft – med rasistisk motivert vald rett rundt hjørna senkar ein aldri skuldrene heilt – blir Small Axe kan henda ikkje ein serie du sluker i ein jafs. Men så har ein aldri teke skade av å fordøya maten skikkeleg heller.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg får ikkje berre vera vitne, eg får vera med på festen.
Fleire artiklar
Å utvikle søvnframkallande tomatar ved hjelp av genmodifisering er kanskje ikkje å forbetre evolusjonen, skriv Siri Helle.
Foto: Frank May / NTB
Genteknologi til kva bruk?
Teknologi som endrar gen, er komen for å bli. Men treng vi han i matproduksjonen?
Betlehemsstjerna.
Foto via Wikimedia Commons
2024 eller 2031 etter Kristus?
Når blei Jesus fødd? Kva er utgangspunktet for tidsrekninga vår?
Teikning: May Linn Clement
«Jan Ansgar har levd lenge i trua på at han kan finne mandelen like godt som alle andre.»
Foto: Flamme Forlag
Eit dikt om honning
Honningen – flytande, glitrande, gul som sollyset – er både kvardagsleg og heilag.
Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Foto: Wikimedia Commons