Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Tung-tung-lett

Babyteeth er lys og varm, sjølv om temaet er mørkt og kaldt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kreftsjuke Milla (Eliza Scanlen) forelskar seg i Moses (Toby Wallace) i filmen som Shannon Murphy regidebuterer med.

Foto: Europafilm

2518
20210625
2518
20210625

Drama

Regi: Shannon
Murphy

Babyteeth

Med: Eliza Scanlen, Toby Wallace, Essie Davis, Ben Mendelsohn
Kinofilm

Unge Milla (Scanlen) kjempar med ein dødeleg sjukdom, og når ho krasjforelskar seg i narkomane Moses (Wallace), står foreldra (Davis og Mendelsohn) i ein skvis: Moses er totalt upåliteleg og kriminell, men fortener ikkje dottera å få ein sjanse til å oppleva kjærleik?

Sentimentet

Det er ei stund sidan eg har sett ein australsk film på kino, og som alltid synest eg det er noko heilt særeige med stemninga, noko herleg australsk, om det er lov å generalisera så vilt.

Ein kan ikkje unngå det sommarlege og lette som pregar kulturen, sjølv når det er snakk om noko så botnlaust trist som ein kreftsjuk tenåring.

Det er premissen frå starten. Likevel har ikkje sjukdommen ein overveldande plass i historia. Det er meir eit familiedrama og eit forholdsdrama – korleis stå i brasane saman og åleine? Kva i alle dagar gjer du som forelder når den siste du ynskjer at dottera di skal bli saman med, tilfeldigvis er den einaste som kan gjera henne lukkeleg?

Babyteeth er full av «kva ville du sjølv ha gjort»-dilemma som dei fleste av oss heldigvis ikkje treng å ta stilling til. Eg likar at dei har unngått sentimentalitet som vanlegvis ville lege som eit tjukt teppe over eit så trist utgangspunkt.

Moralen

Eg likar også at hovudpersonane gjennomgåande er samansette og vanskelege å setja i bås. Dei har sine gode sider og elendige sider, alle som ein. Då kjennest det vanskelegare å moralisera, endå dei gjer ting som er ramlande galne og totalt upassande.

Milla er knapt over den kriminelle lågalderen, så der foreldre vanlegvis ville frårådd seksuell aktivitet, vert det så veldig mykje vanskelegare å halda på slike prinsipp når ho kanskje aldri skal få oppleva å verta vaksen og utforska denne sida ved seg sjølv.

«Ho burde ha verda for føtene sine», seier mora i ein fortvila augeblink, og eg er så einig, så einig. Det er umogleg å ikkje bli trist over ein så desperat situasjon. Likevel er ikkje Babyteeth ein deprimerande film, han har noko håpefullt og vakkert over seg.

Det finst alltid ei strand med blå himmel over, alltid nytt liv, alltid håp om at ein kan endra seg, verta eit betre menneske, uansett kva tilmålt tid ein har.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Babyteeth er full av «kva ville du sjølv ha gjort»-dilemma som dei fleste av oss ikkje treng å ta stilling til.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I 1960 var Norsk Hydro-anlegget på Herøya Noregs største industriarbeidsplass, med 6500 tilsette. Biletet er frå ein Aktuell-reportasje same året.

Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB

Feature

Samfunn i vidvinkel

Fotografia frå bildebladet Aktuell utgjer ein mektig kavalkade frå glansdagane til sosialdemokratiet, skriv Kjartan Fløgstad.

KjartanFløgstad

Weronika Murek er dramatikar og forfattar og fekk Witold Gombrowics’ debutantpris i 2015.

Foto: Anna Rezulak

BokMeldingar

Presisjon ved surrealisme

Weronika Murek er krevjande i formspråket, men orkar ein å strekke seg litt, kan ein fort oppdage at ein har vakse ein litterær halvmeter.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis