Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Unødvendig oppfølgjar

The Equalizer 2 var ein dårleg idé som i beste fall kunne samla støv i skuffa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Denzel Washington spelar den pensjonerte hemmelege agenten Robert McCall.

Foto: Glen Wilson

2737
20180817
2737
20180817

Action

Regi: Antoine Fuqua

The Equalizer 2

Med: Denzel Washington, Melissa Leo, Bill Pullman

The Equalizer (2014) handla om ein pensjonert hemmeleg agent, Robert McCall (Washington) som levde eit endå meir hemmeleg tilbaketrekt liv. Han hadde fått seg ein heilt vanleg jobb og nytta fritida til å lese litterære klassikarar. Den einaste som visste om fortida hans, var ekskollegaen Susan (Leo) og ektemannen hennar (Pullman). Det vil seie, heilt til han møtte ein mindreårig prostituert og ei heil underverd av slemme russiske menn. McCall måtte snart tilbake i ringen for å berge jenta. Det innebar ein heil del action, slåsting, dreping og ei mogleg forverring av tilhøvet mellom Amerika og Russland.

Ein ganske vanleg mann

The Equalizer 2 handlar om Robert McCall, ein pensjonert hemmeleg agent som lever eit hemmeleg tilbaketrekt liv. Han arbeider som taxisjåfør, les bøker, men gjer innimellom frilansoppdrag som drapsmaskin i rettferds namn. Ein togtur til Tyrkia i opningsscena illustrerer McCalls dobbeltliv, utkledd som ein muslimsk intellektuell som brått viser kven han eigentleg er. Denne gongen er det kanskje tyrkarane som føler seg uthengde som skurkar? Tilbake i USA møter han Susan, som fortel om drapet på ein belgisk agent, og at ho må reise til Brussel for å undersøke kven som står bak. Her skjer det ting som tvingar McCall tilbake i ringen på ny.

Hemnfilm

The Equalizer prøvde aldri å vere original eller smart, men var i det minste solid underhaldning. Det var ein klassisk «hemnfilm» der helten er motivert av ein personleg affeksjon, nesten ein sjanger i seg sjølv. Frå dei fabelaktige Kill Bill-filmane til Keanu Reeves i John Wick: Folk på hemntokt blir som regel god underhaldning. På sitt beste har dei også noko meir på hjartet (Kill Bill) eller er i det minste morosame (John Wick).

The Equalizer 2 har ingen av delane. Filmen har lite, om noko, på hjartet og er såpass sjølvhøgtidleg på vegner av det latterlege plottet at han i beste fall blir (ufriviljug) morosam. Eller, det er framleis litt morosamt å sjå folk undervurdere McCall i sivil. Men kvifor nokon av dei involverte tenkte at resirkulering av den første filmen var ein god idé, er for meg ei gåte. Eg tippar at det handlar om pengar. Denzel Washington kosar seg sikkert som afroamerikansk intellektuell/drapsmaskin. Vi andre må lide oss gjennom eit to timar langt actionplot som aldri gir meining.

Sondre Åkervik

Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Filmen har lite, om noko, på hjartet og er såpass sjølvhøgtidleg på vegner av det latterlege plottet at han i beste fall blir (ufriviljug) morosam.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis