Venleik og udyr
Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.
Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.
Foto: Arthaus
Dokumentarfilm
Regi: Kaouther Ben Hania
Olfas døtre (Orig.tit.: Les filles d’Olfa)
Med: Olfa Hamrouni, Eya Chikhaoui, Tayssir Chikhaoui, Hind Sabri, Majd Mastoura
Kinofilm
Olfa har fire døtrer. To bur heime. Ulven tok dei to andre, seier Olfa. Kva det inneber, tek det tid før filmen kjem til. Det kretsar metaforiske ulveflokkar av fleire typar rundt dei. Noko har rotna i Tunisia. Radikalisering trugar. Den kjende regissøren Kaouther Ben Hania samlar skodespelarar, Olfa og dei to døtrene framom kamera for å fortelje og rekonstruere historia deira.
Opne sår
Skodespelarar spelar dei to systrene ulven tok. Den solide Hind Sabri spelar Olfa når dei skal rekonstruere scener det er for tungt å attskape for den hardt prøvde mora. Røynde, gode Majd Mastoura tek hand om fleire mannsroller. Ben Hania har veksla mellom spelefilm og dokumentar i karrieren, og hausta åtgaum for dei to siste spelefilmane sine. The Man Who Sold His Skin (2020) var ein imponerande kompleks film om kunst og migrasjon. Beauty And The Dogs (2017) var eit harmdirrande drama om sexisme i tunisisk politi.
«Kaouther Ben Hania held ikkje igjen når Olfa har trått feil.»
Det er raust av Olfa og døtrene å opna dørene for filmskaparen og kollegaene hennar. Dei ekte døtrene snakkar til regissøren og drøftar funksjonen film har, kontra erfaringar med psykolog. Det er interessant på fleire høgre nivå. Ben Hania balanserer elegant på ei etisk line. Filmen kjennest ikkje spekulativ. Han er eit fruktbart utgangspunkt for å prate om kven og korleis vi fortel om traume. Målet til Olfa er å bryte med vonde sirklar frå fortida. Filmskaparen bryt ned fordomar om radikalisering.
Styrke og sjarm
Olfas døtre vitnar om eit samfunn med alvorlege problem knytte til kvinnefiendtleg kultur. Mange menn er monster. Fanatiske forgreiningar har tatt mykje plass etter at revolusjonen felte Ben Ali i 2011. Sterke Olfa feia fysisk vekk mannsgrisar på jakt. Samstundes har ho vore ei kontrollerande og streng mor. Ben Hania held ikkje igjen når Olfa har trått feil. Det manglar ikkje drama i det som har ramma familien. Det blir sterkt. Tårene trillar.
Filmen er vakker både visuelt og i skildringa av samhald. Døtrene er storsjarmørar og Olfa eit rivjern. Kulissane og kvaliteten i bileta er nydelege. Filmhandverket er av skyhøg kvalitet. Når vi brått ser klipp frå nyhende, er effekten sterk emosjonelt og estetisk.
Kaouther Ben Hania vann pris for beste dokumentar i Cannes, og han blei nominert til Oscar for beste dokumentar for denne ekstraordinære filmen. Mellom sterke kjensler og massivt mørke finn vi òg ljos og varme. Eg tilrår av heile mitt hjarte å sjå denne uvanleg sterke og fine dokumentaren på kino.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.