Ver helsa, Benedetta, full av Maria
Dels komisk, dels spennande og fullt ut ein film som skor seg på at sex – særleg blant kvinner og særleg-særleg blant nonner – sel.
Nonna Benedetta lir av forstyrrande religiøse og erotiske visjonar om Jesus.
Foto: Another World Entertainment
Drama
Regi: Paul Verhoeven
Benedetta
Med: Virginie Efira, Daphne Patakia, Charlotte Rampling
Kinofilm
Vi er i Italia i 1619. I klosteret i Pescia får priorinna (Rampling) eit dilemma då syster Benedetta (Efira) brått viser fram stigmata. Benedetta får full støtte av den nykomne novisa Bartolomea (Patakia), noko som skal visa seg å vera omtrent like problematisk som å lyga på seg Jesu sårmerke.
Mjukporno
Det er freistande å avskriva Benedetta som nok eit lesbisk kostymedrama i same treige tralten som The World to Come (2021), Ammonite (2020) eller den sterkaste av dei, Portrett av en kvinne i flammer (2019). I fleire scenar må eg flira av å tenka på Saturday Night Live-sketsjen Every Lesbian Period Drama Ever, som oppsummerer den nye «sjangeren» litt for godt: «Two hours of excruciating tension, all building up to a sex scene so graphic you’ll think, oh right, a man directed this.»
Og når eg tenkjer tilbake på andre Paul Verhoeven-titlar som Basic Instinct (1992) og Showgirls (1995), hadde det kan henda vore meir overraskande om han hadde klart å tona ned mjukpornoelementa heller enn å forsterka dei, som her. Der før nemnde «lesbiske kostymedrama» brukar vel så mykje tid på tidskorrekte kostyme, talande blikk og handrørsler... I Benedetta leikar dei ikkje butikk, det er langt frå dvelande og treigt.
Systerleg kjærleik
Når ein veit kor tynt grunnlag ein treng ha for å skriva «basert på ei sann historie», så overraskar det endå mindre kor fritt Verhoeven har tolka materialet, som fortel om ei nonne som vart meld for å ha hatt lesbiske forhold i klosteret. Det tristaste er såleis korleis Verhoeven insisterer på at det eigentleg er Jesus syster Benedetta vil tilfredstilla, gjennom den forførande, fingernemme Bartolomea.
«Ja, Herre, jeg adlyder» – ja vel. Heile Kristi Brud-temaet verkar berre endå meir provoserande – eller forstyrrande eller irriterande – når ein Jomfru Maria-figur blir brukt som dildo. Aspektet ved om Benedetta eigentleg diktar opp det heile, og i så fall kvifor, er meir interessant enn at ei kvinne kunne vera lesbisk på 1600-talet.
Kulissane verkar til tider nesten Monty Python-aktige, med soldatar, torturinstrument og hylande pestsjuke menneske i gatene, men litt moro er det jo. Eg stiller nok spørsmål ved Verhoevens motiv for å laga denne filmen, men for ordens skuld: The World to Come og Portrett av en kvinne i flammer er begge regisserte av kvinner, som viser at the male gaze ikkje berre gjeld for menn, om ein skal leggja dette til grunn for mistenkeleggjering.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?