Vicky + Viggo
Vicky Krieps slår Viggo Mortensen i den romantiske westernen hans.
Vivienne (Vicky Krieps) innleier eit forhold til danske Holger (Viggo Mortensen) i det vestlege USA i 1860-åra.
Foto: Ymer Media
Western / Drama
Regi: Viggo Mortensen
Til verdens ende
(Orig.tit.: The Dead Don’t Hurt)
Med: Vicky Krieps, Viggo Mortensen, Solly McLeod
Kinofilm
Til verdens ende opnar med slutten. Vivienne (Krieps) trekker sitt siste sukk. Ein kar skyt og drep seks menneske. Holger (Mortensen) gravlegg Vivienne. Menn med makt og pengar dømmer feil mann for drapa. Holger rir ut med sonen på fanget. Spol tilbake.
Vi møter no fransk-kanadiske Vivienne som blir masa hòl i hovudet på av ein snobb, før ho får auge på ein barsk, venleg danske i San Francisco på 1860-talet. Straks bur dei avsides i Nevada. Dei har det godt saman. Men ein lokal dritsekk vi veit er ein framtidig drapsmann, lagar kvalm. Så fer Holger i krigen for å kjempe mot slaveri.
Romansen
Til verdens ende er eit romantisk drama forkledd som western. Vi får dvele ved eit sunt forhold og blømande kjærleik. Nokre klipp tilbake til barndommen viser at Vivienne alltid har vore eigenrådig, fri og fascinert av Jeanne d’Arc. Ho gjer som ho vil.
Vicky Krieps er perfekt for rolla. Ho har et solid register og verkar naturleg i sterke og svake stunder. Den luxemburgske stjerna har imponert i eit vell av filmar dei siste åra, til dømes i Phantom Thread, Corsage og Hélène & Mathieu.
Viggo Mortensen er kanskje ikkje Guds gåve til skodespelet, men han har sin røffe sjarm og eit venleg smil. At han var tøff til hest, lærte alle i Ringenes herre-trilogien. Han var uvanleg vanleg i regidebuten Falling. No er han ein rettvis og hardtarbeidande kar av få ord. Dynamikken mellom Mortensen og Krieps rimar, medan bonderomantikken er for god til å vere sann.
Draumen
Bruken av tidshopp knuser tidleg dei fleste illusjonar. Draumen om å drive jorda fredsælt ryk, som det ofte gjer i westernfilmar, sjølv om dei koloniserte glimrar med sitt fråvær her. I tillegg til alle dei daude i innleiinga kjem anna mørke.
Den store skurken Weston (McLeod) byr på grov vald med eit smil og høglydt rasisme. Hånlått akkompagnerer skot. At han har potensial for seksuelle overgrep i tillegg til drap, er det liten tvil om.
Solly McLeod er ein parodi i denne rolla. Om vi skal skulde på han eller regissøren, er uvisst. Han er ikkje den einaste karikaturen. Som skodespelar har Mortensen erfaring med langt meir ambisiøse variantar av western med argentinske auteurar som Lucrecia Martel i Zama og Lisandro Alonso i Eureka. Som filmskapar går han på meir opptrakka stiar.
Han hamrar inn poeng om dei mektige som rottar seg saman for å få meir. Vi ser røtene til ein ròten rettsstat der rike slepp unna og folk som ikkje har alle hestar heime, går til galgen. Regissøren hintar om at mykje er likt enno, og at det samstundes finst og fanst gode folk. Til verdens ende er ein heiderleg gamal western med alle sine avgrensingar, men aller mest er det ei kjærleikshistorie. Eg vil neppe minnast mykje meir enn ei knakande god Vicky Krieps.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz og økonomi- og klimaminister Robert Habeck deltek på statsrådsmøtet i kanselliet i Berlin denne veka.
Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB
Det store spelet
Sosialdemokratane vann delstatsvalet i Brandenburg. Men det gir ingen grunn til jubel for kanslar Olaf Scholz.
Verdas matproduksjon i eitt bilete: Det er jo umogleg. Men desse indiske blomkålprodusentane bidreg med sitt.
Foto: Altaf Qadri / AP / NTB
Korleis går det eigentleg med matproduksjonen der ute?
Frå venstre: Jon Elster, Francis Sejersted, Jens Arup Seip, Johs. Andenæs og Rune Slagstad.
Ein skapjurist forsvarar jussen
Det er ikkje for mykje jus i politikken, det er for lite politikk i politikken.
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.
Sergij Gnezdilov annonserte at etter fem års teneste i det ukrainske militæret, med mange månader ved frontlina, «forlét han den militære eininga si utan løyve og avslutta militærtenesta si».
Foto: Privat
Mobilisering, demobilisering og offentleg desertering
Den 21. september eksploderte ei «bombe» i Ukraina. Nei, ikkje ei russisk ei.