Vil du bli millionær – uansett pris?
Quiz er god underhaldning same om du diggar trivia eller ikkje.
Serien fortel historia om Charles Ingram, ein tidlegare britisk major som laga skandale då han juksa seg til toppvinsten i eit spørjeprogram.
Foto: Left Bank Pictures
Lytt til artikkelen:
Dokudrama
Regi: Stephen Frears
Quiz
Med: Matthew Macfadyen, Sian Clifford, Trystan Gravelle, Mark Bonnar
Miniserie TV 2 Sumo / C More
I Storbritannia i 1998 har kanalen ITV premiere på det som skal verta ein enorm suksess i både inn- og utland, spørjeprogrammet Vil du bli millionær. Spreidd utover i landet sit pubquiz-entusiastane og lurar på korleis dei kan koma på skjermen og vinna potten. Syskenparet Diana Ingram (Clifford) og broren Adrian (Gravelle) har ikkje tenkt å la dette skje på slump.
Tv-juks
Det er ikkje meir enn ein månads tid sidan eg las Jon Ronsons gode artikkelsamling Lost at Sea, der han blant anna tek for seg nettopp denne oppsiktsvekkande skandalen i britisk mediehistorie. Der er han ikkje like klart på parti med juksemakarane som dei er i TV-serien, noko som gjer at eg stiller meg spørsmålet: Kva tid bikkar me over i sympati, og kva tid lyftar me peikefingeren?
Linja kan ofte vera fin, og avgjersla kviler sjølvsagt på vinklinga til den som fortel historia. Som ihuga quizzar sjølv har eg vanskeleg for å ikkje verta indignert over juks. Kven søren juksar på quiz? Når det i tillegg føregår på riksdekkande fjernsyn, er det moralske fallet endå større, ville eg tenkt. Men så er det som med dei fleste gode historier – det er minst to sider. Juksa dei eigentleg?
Ingen fasit
Dei som har sett regissør Stephen Frears-filmane The Queen (2006) eller Philomena (2013), veit at han generelt ser karakterane sine gjennom sympatiske brilleglas. At filmane er baserte på sanne personar, kan nok påverka det, så saltklypa må ingen gløyma her.
Ektemannen til Diana, Charles (Macfadyen), vert framstilt som naiv på grensa til det uoppvakte, noko som sjølvsagt skurrar. Ingen utan trivia-interesse ville dra i land å delta i eit quizprogram, og han er meir truverdig som juksemakar enn reieleg deltakar. Historia om dette påståtte kuppet i beste sendetid er topp underhaldning. Særleg det å følgja produsentane og folka bak kamera, lyskastarar og miksepultar gjer at Quiz er ein spennande serie – ikkje berre om kva som er moralsk, men om kva som påverkar oss psykologisk til å skapa vedtekne sanningar.
I kontrast til det herleg fasitbaserte grunnlaget ein har i spørjeleiken, er det ikkje noko enkelt svar på kva som er etisk innanfor når sjølve spelereglane kan diskuterast. Sånt blir det sjåverdig TV av.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Å utvikle søvnframkallande tomatar ved hjelp av genmodifisering er kanskje ikkje å forbetre evolusjonen, skriv Siri Helle.
Foto: Frank May / NTB
Genteknologi til kva bruk?
Teknologi som endrar gen, er komen for å bli. Men treng vi han i matproduksjonen?
Betlehemsstjerna.
Foto via Wikimedia Commons
2024 eller 2031 etter Kristus?
Når blei Jesus fødd? Kva er utgangspunktet for tidsrekninga vår?
Teikning: May Linn Clement
«Jan Ansgar har levd lenge i trua på at han kan finne mandelen like godt som alle andre.»
Foto: Flamme Forlag
Eit dikt om honning
Honningen – flytande, glitrande, gul som sollyset – er både kvardagsleg og heilag.
Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Foto: Wikimedia Commons