Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sonja Henie med gullmedaljen ho fekk i Lake Placid-OL i 1932.

Foto: NTB scanpix

1620
20180202
1620
20180202

Filmfjes

Apropos kunstløp: Denne veka vart Sonja Henie-filmen Isdronningen presentert på Works in Progress på Göteborg Film Fästival. Det er Nordens største filmfestival, med over 450 filmar og 160.000 publikummarar. Isdronningen har vore under arbeid sidan 2011, med Anne Sewitsky i regissørstolen. Som mor til Tonya Harding sa i I, Tonya: «Do you think Sonja Henie had a loving mother?» Det gjenstår å sjå. Filmen skal ha premiere i løpet av 2018.

B.A.

Sjå på nett no

Ikkje alt finst på nettet: Eg har leita og leita etter Robert Altmans fabelaktige Short Cuts for å visa ein ven. Filmen finst ikkje på verdsveven. Ikkje lovleg iallfall. Ein plass i barndomsheimen finst han på eit dårleg VHS-opptak. Heilt tilfeldig såg eg filmen i den imponerande DVD-samlinga til dei eg budde hjå i Tromsø under TIFF, og fekk låna han med meg. Tre timar med aldeles eineståande underhaldning var verdt frustrasjonen og leitinga, både for meg og veninna mi. Eg ser (på nettet) at dei har han på Deichmanske, forresten.

B.A.

Tre på topp

Franske komediar, for visst kan gallarane få låtten til å gjalle.

1) Playtime, Jacques Tati 1967. Geniet Tati kunne fylt lista aleine. Forma er fantastisk framandgjerande. Dei futuristiske bygningane i forstaden utanfor Paris gjev rom for eit moderne meisterverk.

2) De andres smak, Agnès Jaoui 2000. Denne komedien blir visst vist på sosiologistudium for å forklare Bourdieu og omgrepet kulturell kapital. Å lære med lått er lurt.

3) The Artist, Michel Hazanavicius 2011. For å få Oscar for beste film i 2012 med ein fransk film i svart-kvitt som stort sett er stum, må du gjere mykje rett.

H.T.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis