Ei kvinne som står bak gode krimseriar, er Veera Sud.
Filmfjes
Av og til dukkar det opp fjes som overraskar, som at bak dei hardbarka krimseriane The Killing og nyss tilrådde Seven Seconds, står ei kvinne. Når det er sagt, kvinnene i desse seriane er over gjennomsnittet samansette og med eigen vilje, så at kanadiske Veena Sud står som serieskapar og produsent, forklarar kanskje kvifor. Om 90 prosent av alle produksjonar vert laga av menn, er det ikkje så rart om tonen vert bra maskulin. Ja takk til begge delar!
B.A.
Sjå på nett no
(Netflix) Det skal seiast at eg berre har sett to episodar av Seven Seconds, men det er verdt å sjå av så mange grunnar: særs gode rollefigurar fulle av lyte, kløkt og hjartevarme, side om side. Og så er eg svak for ein god dose korrupsjon i politiet, som forhåpentleg skal avslørast. Men det er noko uføreseieleg over den trass alt tradisjonelle mordhistoria som vert rulla opp, noko som gjer at eg både kosar meg i spenning og frydar meg over persongalleriet.
B.A.
Tre på topp
Bruce Willis er aktuell med tvilsame Death Wish. Her er dei største bidraga hans til dei formative åra mine.
1) Pulp Fiction, Quentin Tarantino 1994. Alle i min generasjon kan ramse opp replikkar frå denne mastodonten i populærkulturen.
2) Die Hard II, Renny Harlin 1990. Eg trur eg såg denne før den første. Eg trur ikkje det er lov å like han best. Eg tvilar på at han toler gjensyn. Eg veit at Willis var beintøff i båe.
3) 12 Monkeys, Terry Gilliam 1995. Tenk at han eine frå Monty Python laga film med Bruce Willis! Den sprø og fasinerande sciencefictionfilmen kravde tankekraft og var kul.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Av og til dukkar det opp fjes som overraskar, som at bak dei hardbarka krimseriane The Killing og nyss tilrådde Seven Seconds, står ei kvinne. Når det er sagt, kvinnene i desse seriane er over gjennomsnittet samansette og med eigen vilje, så at kanadiske Veena Sud står som serieskapar og produsent, forklarar kanskje kvifor. Om 90 prosent av alle produksjonar vert laga av menn, er det ikkje så rart om tonen vert bra maskulin. Ja takk til begge delar!
B.A.
Sjå på nett no
(Netflix) Det skal seiast at eg berre har sett to episodar av Seven Seconds, men det er verdt å sjå av så mange grunnar: særs gode rollefigurar fulle av lyte, kløkt og hjartevarme, side om side. Og så er eg svak for ein god dose korrupsjon i politiet, som forhåpentleg skal avslørast. Men det er noko uføreseieleg over den trass alt tradisjonelle mordhistoria som vert rulla opp, noko som gjer at eg både kosar meg i spenning og frydar meg over persongalleriet.
B.A.
Tre på topp
Bruce Willis er aktuell med tvilsame Death Wish. Her er dei største bidraga hans til dei formative åra mine.
1) Pulp Fiction, Quentin Tarantino 1994. Alle i min generasjon kan ramse opp replikkar frå denne mastodonten i populærkulturen.
2) Die Hard II, Renny Harlin 1990. Eg trur eg såg denne før den første. Eg trur ikkje det er lov å like han best. Eg tvilar på at han toler gjensyn. Eg veit at Willis var beintøff i båe.
3) 12 Monkeys, Terry Gilliam 1995. Tenk at han eine frå Monty Python laga film med Bruce Willis! Den sprø og fasinerande sciencefictionfilmen kravde tankekraft og var kul.
H.T.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.