Milad Alami er aktuell med ein ny film på Bergen Inter- nasjonale Filmfestival.
Filmfjes
Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) opna onsdag og skal i ei veke framover presentere over 150 dokumentar- og spelefilmar. Festivalen har som alltid ei mengd gjestar, som dansk-svensk-iranaren Milad Alami, som kjem til byen med filmen Sjarmøren, om ein mann på desperat jakt etter ei kvinne for å få statsborgarskap. Filmen har hausta fleire prisar og gått sin sigersgang på internasjonale filmfestivalar.
S.Å.
Sjå på nett no
(Netflix) I denne strålande BBC-serien, lagd til det rurale Yorkshire i Nord-England, følgjer vi etterforskaren Catherine Cawood og dei personlege og profesjonelle strabasane hennar. Ei kidnapping blir sett i verk av ein snurt arbeidar som er rasande over at sjefen ikkje gir han lønsauke. Samtidig slepp ein valdtektsdømd mann ut av fengselet. Catherines avdøde dotter fekk barn med mannen, eit barn Catherine oppsedar. Snart vert alt vove saman i ein trykkokar av ein thriller som snor seg unna klisjéfeller, og som er brutalt realistisk.
S.Å.
Tre på topp
I høve Battle, her er tre dansefilmar, i eit vidt sjangerspenn:
1. All That Jazz (1979). Bob Fosse var ein amerikansk koreograf og filmskapar, to felt han sameinte på briljant vis i dette halvbiografiske musikaldramaet om ein kvinneelskande, narkotikaavhengig koreograf-regissør.
2. Pina (2011). Wim Wenders’ vakre hyllest til den tyske koreografen Pina Bausch, kjend for sitatet: «Dans, dans, elles er vi fortapte.»
3. Black Swan (2010). Oh the horror, the horror. Svanesjøen, i Darren Aronofskys versjon, har aldri vore eklare.
S.Å.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) opna onsdag og skal i ei veke framover presentere over 150 dokumentar- og spelefilmar. Festivalen har som alltid ei mengd gjestar, som dansk-svensk-iranaren Milad Alami, som kjem til byen med filmen Sjarmøren, om ein mann på desperat jakt etter ei kvinne for å få statsborgarskap. Filmen har hausta fleire prisar og gått sin sigersgang på internasjonale filmfestivalar.
S.Å.
Sjå på nett no
(Netflix) I denne strålande BBC-serien, lagd til det rurale Yorkshire i Nord-England, følgjer vi etterforskaren Catherine Cawood og dei personlege og profesjonelle strabasane hennar. Ei kidnapping blir sett i verk av ein snurt arbeidar som er rasande over at sjefen ikkje gir han lønsauke. Samtidig slepp ein valdtektsdømd mann ut av fengselet. Catherines avdøde dotter fekk barn med mannen, eit barn Catherine oppsedar. Snart vert alt vove saman i ein trykkokar av ein thriller som snor seg unna klisjéfeller, og som er brutalt realistisk.
S.Å.
Tre på topp
I høve Battle, her er tre dansefilmar, i eit vidt sjangerspenn:
1. All That Jazz (1979). Bob Fosse var ein amerikansk koreograf og filmskapar, to felt han sameinte på briljant vis i dette halvbiografiske musikaldramaet om ein kvinneelskande, narkotikaavhengig koreograf-regissør.
2. Pina (2011). Wim Wenders’ vakre hyllest til den tyske koreografen Pina Bausch, kjend for sitatet: «Dans, dans, elles er vi fortapte.»
3. Black Swan (2010). Oh the horror, the horror. Svanesjøen, i Darren Aronofskys versjon, har aldri vore eklare.
S.Å.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.