Jamie Lee Curtis spelte i den første filmen for 40 år sidan og er framleis med.
Foto: Wikimedia
Filmfjes
Brått har førti år gått sidan Jaimie Lee Curtis debuterte med eit skrik i Halloween i det herrens år 1978. For å slå ei mengd myntar på jubileet kjem endå ein film med same namn no før helgemessa. Heldigvis er Curtis klar til dyst igjen. Den i USAs tradisjon uendeleg lange traileren fortel for mykje, men det positive er at den steintøffe, hemnlystne kvinna verkar vere i form. Kritikarane i heimlandet meiner filmen er betre enn dei andre ni i rekkja sidan 1978.
H.T.
Sjå på nett no
(SF Anytime) På SF Anytime kan du sjå Jamie Lee Curtis ta verda med storm i si første rolle i den originale Halloween. Vil du ha ei nyare oppvarming til helgemessa, kan du sjå Coco på same teneste. Årets store animasjonssuksess er frå USA, men dykkar godt ned i dei meksikanske tradisjonane knytte til dei daudes dag. Med visuell teft og kunnskap om kultur er den sjarmerande filmen ein real brubyggjar mellom to nordamerikanske land, og mellom verdene til dei levande og dei daude.
H.T.
Tre på topp
Filmar der handlinga er lagd til afrikanske land, er det langt mellom. Her er tre høgst sjåverdige:
The Last King of Scotland (2006) Skummel film om Ugandas diktator Idi Amin og kor galne maktgalne menn kan bli.
Out of Africa (1985) Dønn kolonialistisk og ikkje akkurat nyansert bilete av Kenya, men fyrst og fremst ein fin film om Karen Blixen.
Timbuktu (2014) Spennande og ubehageleg om Jihad og islamske mørkemenn i eit elles fredfullt Mali.
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Brått har førti år gått sidan Jaimie Lee Curtis debuterte med eit skrik i Halloween i det herrens år 1978. For å slå ei mengd myntar på jubileet kjem endå ein film med same namn no før helgemessa. Heldigvis er Curtis klar til dyst igjen. Den i USAs tradisjon uendeleg lange traileren fortel for mykje, men det positive er at den steintøffe, hemnlystne kvinna verkar vere i form. Kritikarane i heimlandet meiner filmen er betre enn dei andre ni i rekkja sidan 1978.
H.T.
Sjå på nett no
(SF Anytime) På SF Anytime kan du sjå Jamie Lee Curtis ta verda med storm i si første rolle i den originale Halloween. Vil du ha ei nyare oppvarming til helgemessa, kan du sjå Coco på same teneste. Årets store animasjonssuksess er frå USA, men dykkar godt ned i dei meksikanske tradisjonane knytte til dei daudes dag. Med visuell teft og kunnskap om kultur er den sjarmerande filmen ein real brubyggjar mellom to nordamerikanske land, og mellom verdene til dei levande og dei daude.
H.T.
Tre på topp
Filmar der handlinga er lagd til afrikanske land, er det langt mellom. Her er tre høgst sjåverdige:
The Last King of Scotland (2006) Skummel film om Ugandas diktator Idi Amin og kor galne maktgalne menn kan bli.
Out of Africa (1985) Dønn kolonialistisk og ikkje akkurat nyansert bilete av Kenya, men fyrst og fremst ein fin film om Karen Blixen.
Timbuktu (2014) Spennande og ubehageleg om Jihad og islamske mørkemenn i eit elles fredfullt Mali.
B.A.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.