Den argentinske kunstnaren Lola Arias.
Foto: Privat
Filmfjes
Chile vann Oscar for beste framandspråklege film for første gong på søndag med En fantastisk kvinne av Sebastián Lelio. Sidan fjeset til Lelio alt har pryda dette hjørnet, trykker vi andletet til ein kunstnar frå nabolandet Argentina, Lola Arias. Ho minska kanskje vår nabo Sveriges sjansar då ho truga Ruben Östlund med rettssak for bruken av namnet hennar i nominerte The Square. Arias høyrer uansett heime på filmsida. Ho vann nyss to prisar i Forum-programmet på Berlinalen for filmen Theatre of War.
H.T.
Sjå på nett no
(NRK) I asmband med at Eliteserien brakar laus, har NRK sleppt serien Heime-bane. Der spelar Ane Dahl Torp ein trøndersk (!) fotballtrenar som tar over ein nyopprykka eliteserieklubb i Ulsteinvik. Ho leverer strålande skodespel og er kanonkul. Enda godt det rabla for ho då nokon freista slipe kantane til den ambisiøse figuren. John Carew spelar òg bra. Eg lever meg skikkeleg inn i serien og kjenner at eg nesten gler meg til angsten når Brann skal spele borte mot Ranheim.
H.T.
Tre på topp
Frå 7. til 13. mars burde alle vore i Oslo og gått på HUMAN internasjonale dokumentarfilmfestival. Ein del kjenner eg frå andre festivalar, ein del skulle eg gjerne sett på stort lerret:
Thank You for the Rain (regi: Julia Dahr) Fascinerande møte med Kisilu, ein kenyansk småbonde som får eit kamera for å dokumentera klima-
endringane.
Letters (regi: Marte Vold Jéro Yun) Denne tilrådde eg etter TIFF i år, så sjå på dette som ei ekstra oppmoding!
The Venerable W. (regi: Barbet Schroeder) Den buddhistiske munken Wirathu i Myanmar er blant dei mange som står for haldningane som førte til muslimforfølgingane i landet.
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Chile vann Oscar for beste framandspråklege film for første gong på søndag med En fantastisk kvinne av Sebastián Lelio. Sidan fjeset til Lelio alt har pryda dette hjørnet, trykker vi andletet til ein kunstnar frå nabolandet Argentina, Lola Arias. Ho minska kanskje vår nabo Sveriges sjansar då ho truga Ruben Östlund med rettssak for bruken av namnet hennar i nominerte The Square. Arias høyrer uansett heime på filmsida. Ho vann nyss to prisar i Forum-programmet på Berlinalen for filmen Theatre of War.
H.T.
Sjå på nett no
(NRK) I asmband med at Eliteserien brakar laus, har NRK sleppt serien Heime-bane. Der spelar Ane Dahl Torp ein trøndersk (!) fotballtrenar som tar over ein nyopprykka eliteserieklubb i Ulsteinvik. Ho leverer strålande skodespel og er kanonkul. Enda godt det rabla for ho då nokon freista slipe kantane til den ambisiøse figuren. John Carew spelar òg bra. Eg lever meg skikkeleg inn i serien og kjenner at eg nesten gler meg til angsten når Brann skal spele borte mot Ranheim.
H.T.
Tre på topp
Frå 7. til 13. mars burde alle vore i Oslo og gått på HUMAN internasjonale dokumentarfilmfestival. Ein del kjenner eg frå andre festivalar, ein del skulle eg gjerne sett på stort lerret:
Thank You for the Rain (regi: Julia Dahr) Fascinerande møte med Kisilu, ein kenyansk småbonde som får eit kamera for å dokumentera klima-
endringane.
Letters (regi: Marte Vold Jéro Yun) Denne tilrådde eg etter TIFF i år, så sjå på dette som ei ekstra oppmoding!
The Venerable W. (regi: Barbet Schroeder) Den buddhistiske munken Wirathu i Myanmar er blant dei mange som står for haldningane som førte til muslimforfølgingane i landet.
B.A.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.