Forfattaren J.K. Rowling på premieren i London førre veke.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB scanpix
Filmfjes
Dette fjeset har snart tent like mykje på filmar som på bøker, og når namnet er J.K. Rowling, betyr det at me snakkar om den bestseljande barnebokforfattaren i nyare historie. Fabeldyr: Grindelwalds forbrytelser hadde nyss premiere og ser ut til å slå alle rekordar. Og det er planlagt tre filmar til i serien, som starta med Fabeldyr og hvor de er å finne (2016). Kven treng trolldomselevar med briller når verda er full av fabeldyr? Å ja, det var sant – det kjem også ein film om far til Harry Potter om eit par år.
B.A.
Sjå på nett no
(Netflix) Av og til når ein burde gått på Cinemateket, men heller vil sitta inne, sjå på TV og eta is frå boksen, slik dei gjer i amerikanske filmar, er gjerne modusen å sjå film av nemnde type. Flaks då at Netflix har den vesle indie-filmen Private Life (2018) i katalogen. Eit par i førtiåra brukar alt dei har av pengar og energi på IVF-klinikkar i håp om å formeira seg før den biologiske klokka sluttar å tikka. I motsetning til mange slike filmar kjennest denne meir realistisk. Samstundes er han både underhaldande og tankevekkande. Kjøp is!
B.A.
Tre på topp
Hugs å sjå Arvingene før han forsvinn! Her er tre gullkorn til frå Paraguay:
1) Hamaca paraguaya (paraguansk hengekøye), Paz Encina (2006). Spoleringsvarsel: Ingenting skjer i denne filmen. Eit par sit ein heil dag i ei hengekøye og ventar på at sonen skal kome heim frå krigen mot Bolivia i 1935. Lov å sovne. Reint gull.
2) 7 Cajas (7 esker), Juan Carlos Maneglia og Tana Schembori (2012). Ein særs god thriller med herleg språkleg blanding mellom guarani og spansk.
3) Cuchillo de palo (trekniv), Renate Costa (2010). Denne dokumentarfilmen er eit intimt familieportrett som dykkar ned i overgrepa mot 108 homofile under diktaturet til Alfredo Stroessner.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.