Sissy Spacek.
Foto: Richard Shotwell / NTB scanpix
Filmfjes
Etter å ha høyrt episoden om Loretta Lynn på Cocaine and Rhinestones (sjå notisen under!), dukka fjeset til Sissy Spacek opp då eg skulle sjå Lynn for meg. Ikkje så rart, for i 1980 spela Spacek i den biografiske filmen om Lynn, Coalminer’s Daughter. Året etter vann ho sin einaste Oscar for beste skodespelar i akkurat denne rolla om ein av dei største stjernene i countrymusikken.
B.A.
Høyr på nett no
(Podkastspelaren din) Eg er nesten ikkje nedpå av begeistring: Om du er berre pittelitt interessert i countrymusikk, musikkhistorie og historieforteljing, finn fram til podkasten Cocaine and Rhinestones. Eg har no kost meg med dei fyrste programma om kvifor Loretta Lynn vart nekta speling av songen sin «The Pill», kva som er meininga bak «Ode to Bille Joe» av Bobbie Gentry, og om Merle Haggard var sarkastisk eller ikkje då han skreiv «Okie from Muskogee». Og det er berre tre av programma! Eg trur eg har dauda og kome til podkasthimmelen.
B.A.
Tre på topp
Filmar der Greta Gerwig spelar, men ikkje har regi.
1) Frances Ha. Noah Baumbach, 2012. Etter å ha regjert undergrunnen i New York i årevis slo Gerwig for alvor gjennom og blei nominert til ein Golden Globe for rolla i ein frisk og kul film ho skreiv saman med regissøren.
2) Jackie. Pablo Larraín, 2016. Det var inga overrasking at ein av verdas mest stilsikre og skarpe regissørar ville ha med Gerwig då han laga film i USA.
3) Wiener-Dog. Todd Solondz, 2016. Sære karar som Solondz elskar subtilt stilfulle skodespelarar som Gerwig. Stjerna her er strengt tatt hunden.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Etter å ha høyrt episoden om Loretta Lynn på Cocaine and Rhinestones (sjå notisen under!), dukka fjeset til Sissy Spacek opp då eg skulle sjå Lynn for meg. Ikkje så rart, for i 1980 spela Spacek i den biografiske filmen om Lynn, Coalminer’s Daughter. Året etter vann ho sin einaste Oscar for beste skodespelar i akkurat denne rolla om ein av dei største stjernene i countrymusikken.
B.A.
Høyr på nett no
(Podkastspelaren din) Eg er nesten ikkje nedpå av begeistring: Om du er berre pittelitt interessert i countrymusikk, musikkhistorie og historieforteljing, finn fram til podkasten Cocaine and Rhinestones. Eg har no kost meg med dei fyrste programma om kvifor Loretta Lynn vart nekta speling av songen sin «The Pill», kva som er meininga bak «Ode to Bille Joe» av Bobbie Gentry, og om Merle Haggard var sarkastisk eller ikkje då han skreiv «Okie from Muskogee». Og det er berre tre av programma! Eg trur eg har dauda og kome til podkasthimmelen.
B.A.
Tre på topp
Filmar der Greta Gerwig spelar, men ikkje har regi.
1) Frances Ha. Noah Baumbach, 2012. Etter å ha regjert undergrunnen i New York i årevis slo Gerwig for alvor gjennom og blei nominert til ein Golden Globe for rolla i ein frisk og kul film ho skreiv saman med regissøren.
2) Jackie. Pablo Larraín, 2016. Det var inga overrasking at ein av verdas mest stilsikre og skarpe regissørar ville ha med Gerwig då han laga film i USA.
3) Wiener-Dog. Todd Solondz, 2016. Sære karar som Solondz elskar subtilt stilfulle skodespelarar som Gerwig. Stjerna her er strengt tatt hunden.
H.T.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.