Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1584
20180427
1584
20180427

Filmfjes

Fjeset til Diana Spatarescu er ikkje så kjent, men ho vann nyleg prisen for beste kvinnelege birolle på den gjæve Gopo-utdelinga i Romania for rolla i The Fixer av Adrian Sitaru. Vel unnt! At det var den einaste prisen filmen vann, seier sitt om rumensk film. Det er ikkje nett nyhende at rumensk film har vore i støyten i godt over ti år. Er du kjapp, kan du sjå den framifrå The Fixer på kino no.

H.T.

Sjå på nett no

(Netflix) Utan ein Castro i front lurar folk på om noko skjer på Cuba. Neppe. Invasjonen frå imperiet i nord har alt skjedd. Netflix har betalt for krimserien Fire årstider i Havanna med Felix Viscarret frå kolonimakta Spania som regissør. Serieskaparen er rett nok Leonardo Padura, den populære forfattaren av bøkene om etterforskar Mario Conde.

Alle typane som har prega kubansk film sidan Sovjetunionen rakna, spelar – med Jorge Perugorría i spissen. Produksjonen er solid og streit med seksualiserte kvinner. Valdsnivået når ikkje Narcos. Cuba er trass alt eit av dei tryggaste landa i Amerika.

H.T.

Tre på topp

På ein skikkeleg bakfull søndag no nyss fekk eg for meg å sjå ei røys med kommersielle amerikanske komediar eg likte som liten.

Jakten på Susan (1985) Det blonde åttitalet har aldri sett betre ut enn med Madonna og Rosanna Arquette i hovudrollene.

Uncle Buck (1989) John Candy, altså! Sjølv om han eigentleg oppfører seg som ein psyko her, så gjer han det på ein fantastisk koseleg og morosam måte.

Tvillinger (1988) Har ikkje heilt tolt tida, men jammen ler eg ikkje framleis av Arnold Schwarzenegger som syng «Yakety yak» på flyet.

B.A.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis