Den iranske filmregissøren Jafar Pahani då han var på Berlinalen i 2006.
Foto: Hermann J. Knippertz / AP / NTB scanpix
Filmfjes
Fjeset til Jafar Panahi mangla på den raude løparen i Cannes denne veka. Han konkurrerer i hovudkonkurransen med finfine 3 Faces. Regissøren har forbod mot å lage film i Iran, og han får heller ikkje forlate landet. Det hindrar han ikkje. Sidan første ulovlege film, This Is Not a Film i 2011, har han vore produktiv. Igjen spelar han ei sentral rolle som seg sjølv. 3 Faces er ein morosam og reflektert film med feministisk brodd.
H.T.
Sjå på nett no
(NRK) Palestina har stifta eit filminstitutt som er på plass i Cannes. Dei siste dagane har dei flagga på halv stong. Ein av palestinarane som er her, er Mohamed Jabaly, som etter mange rundar med norske styresmakter har fått bli i landet som tromsøværing. Hans opprivande og filmatisk knallsolide dokumentar Ambulansen følgjer den desperate situasjonen for ambulansesjåførar under angrepa på Gaza i 2014. Diverre kunne ikkje filmen vore meir relevant enn no.
H.T.
Tre på topp
Så kva er ein god Marvel-actionfilm? Har eg sett mange? Nei, eg har jo ikkje det. Men eg likte desse tre her godt, då. Altså basert på figurane, ikkje nødvendigvis Marvel Cinematic Universe. Nerdar.
Spiderman (2002) Synest Tobey Maguire gjorde ein førebiletleg figur på den tida ein ikkje trong anabole steroid for å sjå bra ut.
Iron Man (2008) Robert Downey jr. Altså, kom an, han er jo dritfestleg!
Black Panther (2018) Tenk, det går an å la svartaste Afrika vera base for kul action.
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Fjeset til Jafar Panahi mangla på den raude løparen i Cannes denne veka. Han konkurrerer i hovudkonkurransen med finfine 3 Faces. Regissøren har forbod mot å lage film i Iran, og han får heller ikkje forlate landet. Det hindrar han ikkje. Sidan første ulovlege film, This Is Not a Film i 2011, har han vore produktiv. Igjen spelar han ei sentral rolle som seg sjølv. 3 Faces er ein morosam og reflektert film med feministisk brodd.
H.T.
Sjå på nett no
(NRK) Palestina har stifta eit filminstitutt som er på plass i Cannes. Dei siste dagane har dei flagga på halv stong. Ein av palestinarane som er her, er Mohamed Jabaly, som etter mange rundar med norske styresmakter har fått bli i landet som tromsøværing. Hans opprivande og filmatisk knallsolide dokumentar Ambulansen følgjer den desperate situasjonen for ambulansesjåførar under angrepa på Gaza i 2014. Diverre kunne ikkje filmen vore meir relevant enn no.
H.T.
Tre på topp
Så kva er ein god Marvel-actionfilm? Har eg sett mange? Nei, eg har jo ikkje det. Men eg likte desse tre her godt, då. Altså basert på figurane, ikkje nødvendigvis Marvel Cinematic Universe. Nerdar.
Spiderman (2002) Synest Tobey Maguire gjorde ein førebiletleg figur på den tida ein ikkje trong anabole steroid for å sjå bra ut.
Iron Man (2008) Robert Downey jr. Altså, kom an, han er jo dritfestleg!
Black Panther (2018) Tenk, det går an å la svartaste Afrika vera base for kul action.
B.A.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.