Mark Bridges fekk Oscar for beste kostymedesign i år.
Foto: Jordan Strauss / AP / NTB scanpix
Filmfjes
Grunna knutar på tråden melder ikkje Dag og Tid premiereklare Phantom Thread av Paul Thomas Anderson denne veka. Vi gler oss til filmen om ein designar i London som på femtitalet er ein trollmann med tråden. Det er Mark Bridges òg. Ikkje overraskande vann han Oscar for beste kostymedesign for filmen, som med The Artist i 2012. Han var med rette nominert også i 2015 for Inherent Vice. Bonus i år kom i form av ei jetski frå Jimmy Kimmel som takk for kortaste takketale.
H.T.
Sjå på nett no
(primevideo.com) I protest mot at Netflix truar med å halda filmar tilbake frå Cannes, tilrår eg å sjå film på sidene til konkurrenten denne veka. Amazon Studios verkar forstå kva film er, og satsar på kinodistribusjon i tillegg til strøyming. Prime Video har ikkje stort utval i Noreg enno, men du kan sjå klassikaren Once Upon a Time in America av Sergio Leone. Gangsterfilmen med Robert de Niro og gjengen fekk ståande applaus i femten minutt på premieren i Cannes i 1984.
H.T.
Tre på topp
Over 124 filmar har Charlotte Rampling spelt i, fortel IMDb meg. Ho har ikkje nødvendigvis hatt hovudrolla i dei eg nemner her, men skitt, det er gode filmar, då.
A Hard Day’s Night (1964). Beatles og «Girl at disco» (Uncredited). Berre elskar du ikkje slike morofakta?
Aberdeen (2000). Utvilsamt den Hans Petter Moland-filmen eg likar best. Eg likar han til og med skikkeleg godt.
Stardust Memories (1980). Hadde Woody Allen berre klart å sjå kvaliteten i kvinnelege skodespelarar etter at dei bikka tretti.
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Grunna knutar på tråden melder ikkje Dag og Tid premiereklare Phantom Thread av Paul Thomas Anderson denne veka. Vi gler oss til filmen om ein designar i London som på femtitalet er ein trollmann med tråden. Det er Mark Bridges òg. Ikkje overraskande vann han Oscar for beste kostymedesign for filmen, som med The Artist i 2012. Han var med rette nominert også i 2015 for Inherent Vice. Bonus i år kom i form av ei jetski frå Jimmy Kimmel som takk for kortaste takketale.
H.T.
Sjå på nett no
(primevideo.com) I protest mot at Netflix truar med å halda filmar tilbake frå Cannes, tilrår eg å sjå film på sidene til konkurrenten denne veka. Amazon Studios verkar forstå kva film er, og satsar på kinodistribusjon i tillegg til strøyming. Prime Video har ikkje stort utval i Noreg enno, men du kan sjå klassikaren Once Upon a Time in America av Sergio Leone. Gangsterfilmen med Robert de Niro og gjengen fekk ståande applaus i femten minutt på premieren i Cannes i 1984.
H.T.
Tre på topp
Over 124 filmar har Charlotte Rampling spelt i, fortel IMDb meg. Ho har ikkje nødvendigvis hatt hovudrolla i dei eg nemner her, men skitt, det er gode filmar, då.
A Hard Day’s Night (1964). Beatles og «Girl at disco» (Uncredited). Berre elskar du ikkje slike morofakta?
Aberdeen (2000). Utvilsamt den Hans Petter Moland-filmen eg likar best. Eg likar han til og med skikkeleg godt.
Stardust Memories (1980). Hadde Woody Allen berre klart å sjå kvaliteten i kvinnelege skodespelarar etter at dei bikka tretti.
B.A.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.