Regissør Mani Haghighi.
Filmfjes
Iranske Mani Haghihi er ein av hovudgjestane under Film fra Sør i Oslo. Han er aktuell med den satiriske komedien The Pig. Festivalen viser også andre filmar av Haghighi. Han føyer seg inn i rekka av kontroversielle filmskaparar frå Iran med internasjonal medvind. I fjor blei landsmannen Mohammed Rasoulof nekta innreise til Oslo av iranske styresmakter. Legg vi til regissørar som Oscar-vinnande Asghar Faradi, Mohsem Makhmalbaf og Jafar Panahi (aktuell med 3 kvinner under Film fra Sør), ser vi konturane av ein gullalder i iransk film.
S.Å.
Sjå på nett no
Film fra Sør viser Burning, den nyaste filmen frå sørkoreanske Lee Chang-dong (Peppermint Candy, Oasis, Secret Sunshine, Poetry). Burning blandar saman relevant samfunnskritikk med sprø rollefigurar, by og bygd-forskjellar og eit ulmande psykologisk driv. Hovudkarakteren Jongsoo, ein enkel gut frå landet, fell for ei kvinne. Ho hevdar dei voks opp saman, men han hugsar henne ikkje. Etter kvart blir han vikla inn i eit plott som graviterer rundt ein sadistisk riking som brenn ned drivhus for moro skuld.
S.Å.
Tre på topp
Burning er basert på ei novelle av den japanske forfattaren Haruki Murakami. Her er tre andre Murakami-adapsjonar for det store lerretet:
Norwegian Wood (2010). Ein mann minnest den romantiske og smertefulle tida som student.
Tony Takitani (2004). Ein mann finn kjærleiken, berre for å sjå han gleppe.
Hear the Wind Sing (1981). Ein mann ser tilbake på ein sommar i heimbyen og det han opplevde.
S.Å.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Iranske Mani Haghihi er ein av hovudgjestane under Film fra Sør i Oslo. Han er aktuell med den satiriske komedien The Pig. Festivalen viser også andre filmar av Haghighi. Han føyer seg inn i rekka av kontroversielle filmskaparar frå Iran med internasjonal medvind. I fjor blei landsmannen Mohammed Rasoulof nekta innreise til Oslo av iranske styresmakter. Legg vi til regissørar som Oscar-vinnande Asghar Faradi, Mohsem Makhmalbaf og Jafar Panahi (aktuell med 3 kvinner under Film fra Sør), ser vi konturane av ein gullalder i iransk film.
S.Å.
Sjå på nett no
Film fra Sør viser Burning, den nyaste filmen frå sørkoreanske Lee Chang-dong (Peppermint Candy, Oasis, Secret Sunshine, Poetry). Burning blandar saman relevant samfunnskritikk med sprø rollefigurar, by og bygd-forskjellar og eit ulmande psykologisk driv. Hovudkarakteren Jongsoo, ein enkel gut frå landet, fell for ei kvinne. Ho hevdar dei voks opp saman, men han hugsar henne ikkje. Etter kvart blir han vikla inn i eit plott som graviterer rundt ein sadistisk riking som brenn ned drivhus for moro skuld.
S.Å.
Tre på topp
Burning er basert på ei novelle av den japanske forfattaren Haruki Murakami. Her er tre andre Murakami-adapsjonar for det store lerretet:
Norwegian Wood (2010). Ein mann minnest den romantiske og smertefulle tida som student.
Tony Takitani (2004). Ein mann finn kjærleiken, berre for å sjå han gleppe.
Hear the Wind Sing (1981). Ein mann ser tilbake på ein sommar i heimbyen og det han opplevde.
S.Å.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.