Regissør Rungano Nyoni representerer Storbritannia som kandidat til Oscar for beste ikkje-engelskspråklege film.
Foto: Joel C. Ryan / Invision / AP / NTB scanpix
Filmfjes
Lista over filmar melde inn til Oscar-akademiet som kandidatar til beste ikkje-engelskspråkleg film, er klar. 87 land har meldt inn sin favoritt. Eg finn filmar eg vil sjå, og godbitar eg har sett, som Hva vil folk si av Iram Haq. Ei gledeleg overrasking var at fjeset til Rungano Nyoni representerer Storbritannia. Ho er fødd i Zambia, men har gjort walisar av seg. Regidebuten I Am Not a Witch er ei spenstig visuell nyting om ekte heksejakt i dagens Zambia. Filmen blei vist på fleire filmfestivalar i Noreg, men ikkje på kino.
H.T.
Sjå på nett no
(VGTV) Gode nyhende frå Syria er sjeldan kost. Vil du sjå ein film med ein kime av håp, tilrår eg Radio Kobani på det varmaste. Filmskaparen Reber Dosky følgjer nokre kurdiske venninner som driv radiostasjon i Kobani aust i Syria etter at IS er jaga ut. Alt skal byggjast opp att. Dei unge kvinnene intervjuar stridande og dekkjer demokratiske institusjonar i startgropa. Filmen blei ekstra relevant av fredspristildelinga sist veke.
H.T.
Tre på topp
Foreldrerolla kan skildrast på godt og vondt – her er tre av sistnemnde:
Nil By Mouth (1997) Dyster sosialrealisme med engelsk aksent og ein superskummel Ray Winstone.
Capturing the Friedmans (2003) Guffen dokumentar om definisjonen på ein dysfunksjonell familie.
Once Were Warriors (1994) Ikkje berre stolte tradisjonar blant maoriane, som denne triste og sterke filmen viser.
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Lista over filmar melde inn til Oscar-akademiet som kandidatar til beste ikkje-engelskspråkleg film, er klar. 87 land har meldt inn sin favoritt. Eg finn filmar eg vil sjå, og godbitar eg har sett, som Hva vil folk si av Iram Haq. Ei gledeleg overrasking var at fjeset til Rungano Nyoni representerer Storbritannia. Ho er fødd i Zambia, men har gjort walisar av seg. Regidebuten I Am Not a Witch er ei spenstig visuell nyting om ekte heksejakt i dagens Zambia. Filmen blei vist på fleire filmfestivalar i Noreg, men ikkje på kino.
H.T.
Sjå på nett no
(VGTV) Gode nyhende frå Syria er sjeldan kost. Vil du sjå ein film med ein kime av håp, tilrår eg Radio Kobani på det varmaste. Filmskaparen Reber Dosky følgjer nokre kurdiske venninner som driv radiostasjon i Kobani aust i Syria etter at IS er jaga ut. Alt skal byggjast opp att. Dei unge kvinnene intervjuar stridande og dekkjer demokratiske institusjonar i startgropa. Filmen blei ekstra relevant av fredspristildelinga sist veke.
H.T.
Tre på topp
Foreldrerolla kan skildrast på godt og vondt – her er tre av sistnemnde:
Nil By Mouth (1997) Dyster sosialrealisme med engelsk aksent og ein superskummel Ray Winstone.
Capturing the Friedmans (2003) Guffen dokumentar om definisjonen på ein dysfunksjonell familie.
Once Were Warriors (1994) Ikkje berre stolte tradisjonar blant maoriane, som denne triste og sterke filmen viser.
B.A.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.