Hong Chau då ho var på Santa Barbara internasjonale filmfestival i februar i år.
Foto: Richard Shotwell / AP / NTB scanpix
Filmfjes
Oscar-akademiet har rekruttert heile 928 nye filmfolk. Målet med rekordløftet er mangfald. Tre staute nordmenn er på lista: Joachim Trier, Eskil Vogt og Christian Schaaning. Ingen av desse har fjes spesielt egna for å illustrere poenget til utvidinga, men det har Hong Chau, skodespelaren frå USA som sigla inn norske fjordar med Matt Damon i Downsizing. Ho har òg ei fin rolle i den glitrande serien Treme, som eg endeleg sluker om dagen. Lykke til i Oscar-klubben, Chau!
H.T.
Sjå på nett no
(aftenposten.no) Bygdehomo av Julia Dahr og Julie Lunde Lillesæter er ein fin, kort dokumentarfilm om homofile Bjørn-Tore, som skal heim til Volda elleve år etter at han reiste til storbyen for å gjere seg fri. Å kome ut av skapet var slett ikkje lett i heimbygda. Når landets første bygdeprideparade skal gå av stabelen, truar ein konservativ pastor med utsletting lik Sodoma og Gomorra. Bjørn-Tore er spent, men norske bygder har jo flust av bra folk. Kanskje finst det håp.
H.T.
Tre på topp
Erdogan held stø kurs og blir ved makta i ei æve. Her er tre supre tyrkiske filmar som er komne etter at han tok styringa:
1) Mustang. Deniz Gamze Ergüven 2015. Den intense og vakre skildringa av ein flokk systrer som veks opp i ein streng heim, sette djupe spor i meg.
2) Vintersøvn. Nuri Bilge Ceylan 2014. Pittoreske omgjevnader i Kappadokia skapar rammene for eit drivande familiedrama som kombinerer Tsjekhov og Dostojevskij. Gullpalmen var fortent.
3) Albüm. Mehmet Can Mertoglu 2016. Stilisert, sakte og sær satire er stor stas. Ein lærer noko om det tyrkiske samfunnet i same slengen som ein ler.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Oscar-akademiet har rekruttert heile 928 nye filmfolk. Målet med rekordløftet er mangfald. Tre staute nordmenn er på lista: Joachim Trier, Eskil Vogt og Christian Schaaning. Ingen av desse har fjes spesielt egna for å illustrere poenget til utvidinga, men det har Hong Chau, skodespelaren frå USA som sigla inn norske fjordar med Matt Damon i Downsizing. Ho har òg ei fin rolle i den glitrande serien Treme, som eg endeleg sluker om dagen. Lykke til i Oscar-klubben, Chau!
H.T.
Sjå på nett no
(aftenposten.no) Bygdehomo av Julia Dahr og Julie Lunde Lillesæter er ein fin, kort dokumentarfilm om homofile Bjørn-Tore, som skal heim til Volda elleve år etter at han reiste til storbyen for å gjere seg fri. Å kome ut av skapet var slett ikkje lett i heimbygda. Når landets første bygdeprideparade skal gå av stabelen, truar ein konservativ pastor med utsletting lik Sodoma og Gomorra. Bjørn-Tore er spent, men norske bygder har jo flust av bra folk. Kanskje finst det håp.
H.T.
Tre på topp
Erdogan held stø kurs og blir ved makta i ei æve. Her er tre supre tyrkiske filmar som er komne etter at han tok styringa:
1) Mustang. Deniz Gamze Ergüven 2015. Den intense og vakre skildringa av ein flokk systrer som veks opp i ein streng heim, sette djupe spor i meg.
2) Vintersøvn. Nuri Bilge Ceylan 2014. Pittoreske omgjevnader i Kappadokia skapar rammene for eit drivande familiedrama som kombinerer Tsjekhov og Dostojevskij. Gullpalmen var fortent.
3) Albüm. Mehmet Can Mertoglu 2016. Stilisert, sakte og sær satire er stor stas. Ein lærer noko om det tyrkiske samfunnet i same slengen som ein ler.
H.T.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?