Ava Duvernay lagar film om Prince.
Foto: Vianney Le Caer / AP / NTB scanpix
Filmfjes
Prince blir snart dokumentert på film, men sidan de kjenner godt til fjeset hans, får de heller andletet til regissør Ava DuVernay i staden. Ho vart Oscar-nominert for den kritiske dokumentarfilmen 13th (2016), som tok for seg den rasistiske politikken USA har ført og ifølge henne framleis fører. Noko lettare tema blir det når ho går gjennom livet til den legendariske artisten kjend som Prince. Så står det att å sjå kor lang tid det går før spelefilmen kjem.
B.A.
Sjå på nett no
(NRK) Nett no ligg ein særs lovande serie på nett-TV, nemleg advokatdramaet The Split. Det er omtrent som yndlingssjangeren min, britisk krim, berre utan lik. Serieskaparen Abi Morgan har skrive sterke drama som Steve McQueen-filmen Shame (2011) og Maggie Thatcher biodramaet The Iron Lady (2011). At ho også har den heller flate Suffragette (2015) på CV-en, gjer ikkje noko – det viser berre at ho har sansen for sterke kvinneroller, som ein ser godt i The Split.
B.A.
Tre på topp
Belgia likar europeisk samarbeid. Her er tre supre belgiske samproduksjonar frå dei siste åra:
1) Raw, Julia Ducournau (2016). Belgia hjelpte med italiensk stønad den franske regissøren Ducournau til å debutere med ein skrekkeleg god film om kjøtetande veterinærstudentar.
2) Det helt nye testamentet, Jaco Van Dormael (2015). Nabolanda Frankrike og Luxembourg var med på denne makelause bibelske satiren om Gud, som sjølvsagt bur i Belgia.
3) Elle, Paul Verhoeven (2016). Nederlands store son fekk med den franske superstjerna Isabelle Huppert, tyske naboar og Belgia på å lage ein fantastisk mørk og morosam thriller.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Prince blir snart dokumentert på film, men sidan de kjenner godt til fjeset hans, får de heller andletet til regissør Ava DuVernay i staden. Ho vart Oscar-nominert for den kritiske dokumentarfilmen 13th (2016), som tok for seg den rasistiske politikken USA har ført og ifølge henne framleis fører. Noko lettare tema blir det når ho går gjennom livet til den legendariske artisten kjend som Prince. Så står det att å sjå kor lang tid det går før spelefilmen kjem.
B.A.
Sjå på nett no
(NRK) Nett no ligg ein særs lovande serie på nett-TV, nemleg advokatdramaet The Split. Det er omtrent som yndlingssjangeren min, britisk krim, berre utan lik. Serieskaparen Abi Morgan har skrive sterke drama som Steve McQueen-filmen Shame (2011) og Maggie Thatcher biodramaet The Iron Lady (2011). At ho også har den heller flate Suffragette (2015) på CV-en, gjer ikkje noko – det viser berre at ho har sansen for sterke kvinneroller, som ein ser godt i The Split.
B.A.
Tre på topp
Belgia likar europeisk samarbeid. Her er tre supre belgiske samproduksjonar frå dei siste åra:
1) Raw, Julia Ducournau (2016). Belgia hjelpte med italiensk stønad den franske regissøren Ducournau til å debutere med ein skrekkeleg god film om kjøtetande veterinærstudentar.
2) Det helt nye testamentet, Jaco Van Dormael (2015). Nabolanda Frankrike og Luxembourg var med på denne makelause bibelske satiren om Gud, som sjølvsagt bur i Belgia.
3) Elle, Paul Verhoeven (2016). Nederlands store son fekk med den franske superstjerna Isabelle Huppert, tyske naboar og Belgia på å lage ein fantastisk mørk og morosam thriller.
H.T.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.