Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bob Dylans album frå 1975 blir film.

Bob Dylans album frå 1975 blir film.

Foto: Chris Pizzello / TT / NTB scanpix

Bob Dylans album frå 1975 blir film.

Bob Dylans album frå 1975 blir film.

Foto: Chris Pizzello / TT / NTB scanpix

1599
20181019
1599
20181019

Filmfjes

Regissør Luca Guadagnino (sist med Call Me By Your Name) tek eit friskt sidesprang ved å filmatisera ikkje ein artist, men eit album! Det er Blood On The Tracks som skal gjennomgåast, og dermed får du fjeset til Bob Dylan i spalta denne veka. Delar av plata er indirekte med i I´m Not There (2007), der Dylan i denne sekvensen vert portrettert av no avdøde Heath Ledger. Kven som skal spela hovudrolla som plata, er enno uvisst.

B.A.

Sjå på nett no

(Netflix) Brått låg filmen 22 July fiks ferdig til å strømma! Det har eg i skrivande stund ikkje fått gjort, men sidan det same veka altså er kinopremiere på Rekonstruksjon Utøya, skuldar eg å informera om at nok ein film om terroren i 2011 ligg ute. Spelefilmen på Netflix baserer seg mellom anna på storebroren til Torje frå Rekonstruksjon Utøya. Regissør Paul Greengrass er mellom anna kjend for Jason Bourne-filmane. Det undrar meg vel i grunnen at filmen så kjapt ligg ute på nettet og ikkje har kinopremiere.

B.A.

Tre på topp

Typar fødde i Teheran i byrjinga av åttitalet som lagar gjæve filmar i Skandinavia.

1) Ali Abbasi. Det seier seg sjølv. Shelley er eit spenstig skrekkblikk på EU. Svenske Grensen er meir grenselaus.

2) Milad Alami. Har du ikkje sett Sjarmøren på kino, må du skunde deg til Oslo. Dette er dejlig dansk dynamitt utan redsle for å røre ved vanskelege tema.

3) Ali Parandian. Han har mange års røynsle med lydarbeid på film, så det er ikkje rart Rushprint omtalar No Man Is an Island av Parandian som «en uvanlig musikalsk debut». Han vann prisen for beste norske kortfilm både på Amanda og BIFF. Med rette.

H.T.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis