Skodespelar og regissør Sylvia Chang.
Foto: Wally Santana / TT / NTB scanpix
Filmfjes
Sist helg gjekk Asian Film Awards 2018 av stabelen i Macao i Kina. Sylvia Chang skein. Ikkje berre vart ho kåra til beste kvinnelege skodespelar for rolla i Love Education, som ho sjølv har regissert og skrive. Ho fekk òg ein pris for livslang innsats. Her heime er den taiwanske stjerna kjend for roller i Spis, drikk, mann, kvinne og Bryllupsfesten av Ang Lee. Prisen for beste film gjekk til Youth av Feng Xiaogang, som Hollywood Reporter kallar «Kinas Spielberg».
H.T.
Sjå på nett no
(mubi.com) Strøymetenesta Mubi set kvalitet framom kvantitet. Ein finn alltid gull blant dei tretti titlane der. Som dei fleste veit, har Venezuela i ei årrekkje levd i skrikande krise økonomisk, sosialt og politisk. Langt frå krigsfontane finn du den stillferdige filmen La Soledad av Jorge Thielen Armand. Den unge regissøren skildrar krisa gjennom folk som står han nær i eit landskap mellom dokumentar og spelefilm med vakre bilete og var handsaming av kompliserte sosiale problem.
H.T.
Tre på topp
Eg har ikkje fått sett meg opp på påskekrim, så eg noterer her kva for nokre eg har mest tru på (ja, dei er sjølvsagt nøydde til å vera britiske):
Collateral (Netflix) Krim av typen «kven gjorde det?». Det verkar i tillegg som denne har politisk undertone, noko me har godt av i desse dagar. Eller vondt av.
Shetland (NRK) Dette er sesong 3 her i Noreg, men handlinga går føre seg på Vestlandet, som er meir enn god nok grunn til å sjå på.
Vikaren (NRK) To episodar berre, men ser lovande ut på ein sånn psykologisk thriller-måte. Det blir ikkje påske utan!
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Sist helg gjekk Asian Film Awards 2018 av stabelen i Macao i Kina. Sylvia Chang skein. Ikkje berre vart ho kåra til beste kvinnelege skodespelar for rolla i Love Education, som ho sjølv har regissert og skrive. Ho fekk òg ein pris for livslang innsats. Her heime er den taiwanske stjerna kjend for roller i Spis, drikk, mann, kvinne og Bryllupsfesten av Ang Lee. Prisen for beste film gjekk til Youth av Feng Xiaogang, som Hollywood Reporter kallar «Kinas Spielberg».
H.T.
Sjå på nett no
(mubi.com) Strøymetenesta Mubi set kvalitet framom kvantitet. Ein finn alltid gull blant dei tretti titlane der. Som dei fleste veit, har Venezuela i ei årrekkje levd i skrikande krise økonomisk, sosialt og politisk. Langt frå krigsfontane finn du den stillferdige filmen La Soledad av Jorge Thielen Armand. Den unge regissøren skildrar krisa gjennom folk som står han nær i eit landskap mellom dokumentar og spelefilm med vakre bilete og var handsaming av kompliserte sosiale problem.
H.T.
Tre på topp
Eg har ikkje fått sett meg opp på påskekrim, så eg noterer her kva for nokre eg har mest tru på (ja, dei er sjølvsagt nøydde til å vera britiske):
Collateral (Netflix) Krim av typen «kven gjorde det?». Det verkar i tillegg som denne har politisk undertone, noko me har godt av i desse dagar. Eller vondt av.
Shetland (NRK) Dette er sesong 3 her i Noreg, men handlinga går føre seg på Vestlandet, som er meir enn god nok grunn til å sjå på.
Vikaren (NRK) To episodar berre, men ser lovande ut på ein sånn psykologisk thriller-måte. Det blir ikkje påske utan!
B.A.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.