Regissør Ryan Coogler set publikumsrekord med ny film.
Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB scanpix
Filmfjes
Sist helg smadra Black Panther av Ryan Coogler tidlegare publikumsrekordar for februar og helger knytte til presidentdagen i USA. Variety melder at filmen basert på Marvel-teikneserien spelte inn 218 millionar dollar, mot rekorden til Deadpool på skarve 152 millionar i 2016. Coogler viste med Creed i 2015 at han kan kombinere det kommersielle med kvalitet. Black Panther er ein estetisk godtepose med mykje afrofuturisme og fleire flotte figurar. Han kjennest forfriskande i den endelause rekkja av superheltfilmar som dominerer kinoverda om dagen.
H.T.
Sjå på nett no
(Filmgrail) Om du saknar Rolv Wesenlund og har gode minner frå Norske byggeklosser frå 1972, må du for all del ikkje la deg freiste av filmen med same namn som kjem på kino no. Den nye versjonen er eit fantasilaust makkverk av tynnslitne stereotypar. Gå heller til næraste bibliotek og lån originalen, eller logg deg inn på nettet. Du finn ablegøyene til den folkekjære komikaren på ei rekkje filmsider.
H.T.
Tre på topp
Om du likar røysta til Harry Dean Stanton, kan du sjå han synga i fleire filmar, for eksempel desse tre:
Cool Hand Luke (1967) Kan det ha vore denne fengselsfilmen som inspirerte Johnny Cash til opptredenar i San Quentin og Folsom Prison?
Twin Peaks (2017) Her spelar Stanton «Red River Valley», same song som blir brukt som lydspor i Lucky.
Paris, Texas (1984) Wim Wenders visste å setja pris på Stantons forkjærleik for mexicanske balladar, her representert med «Cancíon Mixteca».
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Sist helg smadra Black Panther av Ryan Coogler tidlegare publikumsrekordar for februar og helger knytte til presidentdagen i USA. Variety melder at filmen basert på Marvel-teikneserien spelte inn 218 millionar dollar, mot rekorden til Deadpool på skarve 152 millionar i 2016. Coogler viste med Creed i 2015 at han kan kombinere det kommersielle med kvalitet. Black Panther er ein estetisk godtepose med mykje afrofuturisme og fleire flotte figurar. Han kjennest forfriskande i den endelause rekkja av superheltfilmar som dominerer kinoverda om dagen.
H.T.
Sjå på nett no
(Filmgrail) Om du saknar Rolv Wesenlund og har gode minner frå Norske byggeklosser frå 1972, må du for all del ikkje la deg freiste av filmen med same namn som kjem på kino no. Den nye versjonen er eit fantasilaust makkverk av tynnslitne stereotypar. Gå heller til næraste bibliotek og lån originalen, eller logg deg inn på nettet. Du finn ablegøyene til den folkekjære komikaren på ei rekkje filmsider.
H.T.
Tre på topp
Om du likar røysta til Harry Dean Stanton, kan du sjå han synga i fleire filmar, for eksempel desse tre:
Cool Hand Luke (1967) Kan det ha vore denne fengselsfilmen som inspirerte Johnny Cash til opptredenar i San Quentin og Folsom Prison?
Twin Peaks (2017) Her spelar Stanton «Red River Valley», same song som blir brukt som lydspor i Lucky.
Paris, Texas (1984) Wim Wenders visste å setja pris på Stantons forkjærleik for mexicanske balladar, her representert med «Cancíon Mixteca».
B.A.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?