Studioportrett av Joan Crawford ferdig sminka til ei filmrolle i 1955.
Foto: TT / NTB scanpix
Filmfjes
Siste nytt frå feministsladderfronten: Steven Spielberg har no gått ut og sagt at det er godt mogleg at den neste Indiana Jones kan bli ei Indiana Joan. Alt er mogleg, sjølv om det nok får motbør. Det gjenstår å sjå kva som skjer, dette er i skrivande stund rykande ferskt sladder. I mellomtida får du sjå det tøffe fjeset til Joan Crawford. Ho kunne vore aktuell hadde ideen kome for – sei – 80–90 år sidan.
B.A.
Sjå på nett no
(NRK) Som ein hyppig brukar av Facebook var det så vidt eg orka setja meg inn i skandalen om Cambridge Analytica og det moglege rigga presidentvalet i USA. No kan du lett og greitt og med stort ubehag sjå dokumentaren om mannen bak analysefirmaet som hjelpte Trump å koma til makta, Robert Mercer. Eg skulle gjerne avfeia det som konspirasjonsteori, men lite tydar diverre på at dette kan bortforklarast. Cambridge Analytica – en trussel mot demokratiet? føyer seg inn i ei rekke andre dokumentarar om at det eg likar og deler, ikkje går i noka gløymefacebook.
B.A.
Tre på topp
Filmskaparar frå landet pilegrimsferda gjekk til i påska: Chile.
1) Patrizio Guzmán. La batalla de Chile er ein av dei største dokumentarfilmane i verdshistoria. Heldigvis fekk Guzmán smugla ut filmrullane etter kuppet i 1973. Dei siste åra har han halde fram med å lage estetisk elegante og historisk tankevekkande filmar.
2) Pablo Larraín. Frekke, friske, stilistisk strålande Larraín står bak godbitar som Neruda, El Club og Stem nei. Han fekk òg Oscar som produsent på En fantastisk kvinne.
3) Alejandro Jodorowsky. Galningen bak klassiske kultfilmar som El Topo har levert ville sjølvbiografiske overflodshorn dei siste åra.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Siste nytt frå feministsladderfronten: Steven Spielberg har no gått ut og sagt at det er godt mogleg at den neste Indiana Jones kan bli ei Indiana Joan. Alt er mogleg, sjølv om det nok får motbør. Det gjenstår å sjå kva som skjer, dette er i skrivande stund rykande ferskt sladder. I mellomtida får du sjå det tøffe fjeset til Joan Crawford. Ho kunne vore aktuell hadde ideen kome for – sei – 80–90 år sidan.
B.A.
Sjå på nett no
(NRK) Som ein hyppig brukar av Facebook var det så vidt eg orka setja meg inn i skandalen om Cambridge Analytica og det moglege rigga presidentvalet i USA. No kan du lett og greitt og med stort ubehag sjå dokumentaren om mannen bak analysefirmaet som hjelpte Trump å koma til makta, Robert Mercer. Eg skulle gjerne avfeia det som konspirasjonsteori, men lite tydar diverre på at dette kan bortforklarast. Cambridge Analytica – en trussel mot demokratiet? føyer seg inn i ei rekke andre dokumentarar om at det eg likar og deler, ikkje går i noka gløymefacebook.
B.A.
Tre på topp
Filmskaparar frå landet pilegrimsferda gjekk til i påska: Chile.
1) Patrizio Guzmán. La batalla de Chile er ein av dei største dokumentarfilmane i verdshistoria. Heldigvis fekk Guzmán smugla ut filmrullane etter kuppet i 1973. Dei siste åra har han halde fram med å lage estetisk elegante og historisk tankevekkande filmar.
2) Pablo Larraín. Frekke, friske, stilistisk strålande Larraín står bak godbitar som Neruda, El Club og Stem nei. Han fekk òg Oscar som produsent på En fantastisk kvinne.
3) Alejandro Jodorowsky. Galningen bak klassiske kultfilmar som El Topo har levert ville sjølvbiografiske overflodshorn dei siste åra.
H.T.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.