Oprah Winfrey med æresprisen.
Foto: Lucy Nicholson / NTB scanpix
Filmfjes
Søndag vart dei årlege Golden Globe-prisane delte ut. Med Oprah Winfrey vart heidersprisen, Cecil B. DeMille Award, for fyrste gong delt ut til ei svart kvinne. Om ho er best kjend gjennom prateprogramma sine, har ho også spelt i og produsert fleire filmar, frå Purpurfargen (1985) til Selma (2014), som begge vart Oscar-nominerte. Takketalen frå årets utdeling har vorte delt vidt og breitt. Predikantstilen hennar er kledeleg når innhaldet i preika går på rettferd for kvinner, #MeToo, kamp mot rasisme og nei til fake news. Som ho avslutta med: Ein ny dag kan anast i horisonten.
B.A.
Sjå på nett no:
(NRK) Om du så berre har ørlite til overs for musikken til George Michael, skal det noko til å ikkje la seg røra av dokumentaren Freedom, som han sjølv var med på å produsera før han døydde i desember 2016. Den kunne vore endå meir djuptpløyande (og klippinga er noko variabel), men som hyllest til ein artist som verkeleg gjekk gjennom transformasjonar, fungerer det særs bra. Michael representerer musikkhistorie på ein heilt spesiell måte. Han skreiv «Careless Whisper», ein av åttitalets beste popballadar, for svingande!
B.A.
Tre på topp
Romfartsfilmar av andre enn amerikanarar:
1) Solaris, Andrej Tarkovskij 1972. Ein av dei største klassikarane frå Sovjetunionen under den kalde krigen var ei sær romreise alle filmnerdar med respekt for seg sjølv må sjå.
2) Gravity, Alfonso Cuarón 2013. Ingen har trylla med 3D på 2000-talet som ein meksikanar i verdsrommet. Han stakk av med sju Oscar-statuettar.
3) Sergio & Serguéi, Ernesto Daranas 2017. Publikumsvinnaren i Havanna skildrar ein sovjetisk kosmonaut som heng igjen der oppe når heimlandet blir splitta i 1991. Sambandet med ein kubansk radioamatør held humøret oppe.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?