Marte Vold, som var representert på Tromsø internasjonale filmfestival i år, har fått filmstøtte.
Foto: TIFF
Filmfjes
Vi kunne hatt opp til fleire bra fjes denne gongen, då 14 heldige filmfolk har fått midlar frå Viken filmsenter (her representert ved fjeset til Marte Vold, som vart framheva i Dag og tid etter årets TIFF). Det særs gledelege, og som filmbransjebladet Rushprint fyrst melder, er at Viken satsar på kvinnelege regissørar. Heile ti av stipendmottakarane er kvinner, noko som forhåpentlegvis kan føra til ein betre kjønnsbalanse, særleg på spelefilmfronten. Og om nokon vil ta diskusjonen: Ja, kjønn har noko å seia for film.
B.A.
Sjå på nett no:
(NRK) Har du som eg tenkt at Datoen, det må vera skikkeleg sidrumpa gæmlisunderhaldning? Då har du som eg teke grundig feil. Mindre fordomsfulle vener insisterte på å sjå nyaste episoden her for eit par veker sidan, og sidan har eg brukt ledige stunder på å sjå meg opp på dei to førre sesongane. For eit førebiletleg TV-handverk! Det å få fram korleis alle sit med ei historie verd å fortelja, uansett kjendisstatus eller mennesket i gata – det er rett og slett historieforteljing på høgaste nivå.
B.A.
Tre på topp
Australske filmar, sidan Sweet Country av Warwick Thornton kjem på kino i helga:
1) Ti kanoer (Rolf de Heer og Peter Djigirr 2006) Først for 12 år sidan kom ein film der urfolk aleine fekk fylle lerret og lydspor i Australia. Strukturen frå munnlege forteljetradisjonar skapar flotte og fengjande rammer.
2) Picnic ved Hanging Rock (Peter Weir 1975) Denne filmklubbfavoritten er full av sakte film og svevande stemning. Mystikk og panfløyter pregar historia om jenter på kostskule på skummel tur.
3) Mad Max (George Miller 1979) Mel Gibson har litt av kvart på samvitet, men rocka verda som Max Rockatansky.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?