JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Flukt mellom grenser

Som eit korreks til flyktningdebatten lyfter Alessandro Leogrande fram korleis det einskilde mennesket erfarer flukta mot Europa, og korleis valet om oppbrot skriv seg inn i eit større bilete. Lesaren vinn dobbel innsikt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5065
20170303
5065
20170303

SAKPROSA

Alessandro
Leogrande:

Grensa.
Flyktning-
straumen over Middelhavet

omsett av Kristin Sørsdal
Cappelen Damm

Då eg vart spurd om å melde denne dagsaktuelle boka av Alessandro Leogrande, sa eg spontant: Det vert tungt! Eg stod sjølv på strendene på Lesbos for eit år sidan for å ta i mot flyktningar frå Tyrkia. Det eg den gongen glimtvis kunne lese i auga på familiefedrar, småbarnsmødrer, born, ungdom og gamle, vert falda ut over tre hundre intense sider i denne boka.

Å lese Grensa er som eit notidig ekko av den bibelske salme 88: «Eg er som ein død mellom døde, lik falne som ligg i si grav (…) Du har lagt meg i grava der nede, i den mørke, djupe avgrunn.» På same vis som salmisten skrik ut i si naud og set sin lit til Gud, det siste håpet i tilværet, sprengjer vona seg fram midt i vonløysa i dei mange skildringane. Dei ekstreme situasjonane som flyktningane hamnar i, tvingar fram yttergrensene i mennesket.

Ufattelege livshistorier

Forfattaren og journalisten Leogrande er eit samtidsvitne som går nært på dei mange lagnadene. Han noterer personlege forteljingar om oppbrot, uendeleg ventetid og dramatiske hendingar som til saman vert ufattelege livshistorier me treng å få ta del i. Han oppsøkjer menneske som har overlevd båtforlis, og som har sett familie og vener forsvinne i bylgjene. Då ein kollega vil vite kvifor dette er så viktig for han, klarar han ikkje å gje eit fyldig svar. Men medan han tenkjer høgt, får me vite den djupare grunnen til kvifor han vil gje båtflyktningane ei stemme: «Alle dei døde, det kontinuerlege massedrapet ... og stilla som omgir det. Det var det. Stilla. Det verkelege svaret er stilla.»

Stilla møter lesaren i fyrste kapittel, der Leogrande skildrar eit videoopptak han får sjå av massakren i Halabja i 1988, der 5000 menneske vart drepne i det alt liv i landsbyen vart gassa i hel. Her møter me også eigaren av videoopptaket, Shorsh, den personen som har fylgt Leogrande lengst, og som han skildrar lag for lag til stadig djupare erkjenning av kva det eigentleg vil seie å vere flyktning. Kan ein i det heile svare på det?

Samstundes som einskildlagnader vert skildra, får lesaren betre innsikt i korleis ein som flyktning er overgjeven til storpolitikk og straumar i tida som ein ikkje kan rå over. Flyktningar flyktar ikkje fyrst og fremt til noko, men frå ein uhaldbar situasjon. Krigen i Syria, diktatorveldet i Eritrea eller borgarkrigen i Afghanistan skapar eit uleveleg klima som drep håpet om ei framtid og pressar unge menneske til å bryte opp.

Eit stort spel

Dei desperate reisene trassar mange barrierar som stadig forandrar seg. Grensene er ikkje statiske. Allessandro Leogrande teiknar eit tankevekkjande bilete av flyktningstraumen mot Europa. Dei mange livslagnadene er fanga inn i eit stort spel der premissane for å kunne få eit verdig liv, stadig vert endra. «Det er ikkje ein bestemt stad, snarare mangedoblinga av ei rekke stader i stadig endring, som samsvarar med sjansen ein har til enten å hamne på den eine sida eller å bli verande på den andre.»

Eit døme på ei slik omskifting av grenser er krigen i Libya som braut ut under det som vart kalla den arabiske våren. Då Muammar Gaddafi vart pressa ned frå diktatorstolen, opna han som i ein hemnaksjon alle sluser for flyktningstraumen frå Eritrea og andre afrikanske land mot Italia. Dei som før hadde måtte vente i månads- og årevis for å tene nok til å betale båtturen mot Lampedusa, fekk plutseleg reise heilt gratis. Andre har opplevd at grensene har vore hermetisk lukka, og dei har måtta søkje nye, ofte langt dødelegare vegar mot Europa.

Einskildlagnader

Midt i dette storpolitiske spelet klarar Alessandro Leogrande å lyfte fram mennesket. Når det kjem til stykket, kunne det vore deg og meg som var på flukt. Menneske som har gåver, evner, lengslar, draumar og behov. I europeisk samanheng vert dei ofte skildra som eit problem, eit fenomen ein må prøve å få slutt på. Det er god grunn til å spørje om historiene til dei tilreisande båtflyktningane og dramaet dei har gjennomlevd, verkeleg er del av den italienske, og europeiske, forståingshorisonten. Dei vert som regel skildra som ei gruppe offer, og vert tekne imot på ein måte som styrkjer denne mentaliteten. Den langsame eller mangelfulle integreringa, asylmot-taka med den endelause ventinga på å få kome i aktivitet, alt som set denne merkelappen «flyktning» på desse menneska, gjer at me ser på dei som «dei andre».

Men, seier Alessandro, «(eg må) prøve å komme meg forbi kategorien ‘offer’, ein kategori som ikkje forklarar noko som helst om det komplekse livet til menneska».

Bror Haavar Simon Nilsen

Bror Haavar Simon Nilsen er prest i St. Dominikus kloster og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dei mange livslagnadene er fanga inn i eit stort spel der premissane for å kunne få eit verdig liv, stadig vert endra.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis