JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Frå den polske ordsyklonen

Bruno Schulz skriv fram overdådige draumetekstar der forma dikterer innhaldet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bruno Schulz (1892–1942) blir rekna som ein av dei fremste polske forfattarane i det 20. hundreåret. Forutan nokre enkeltståande noveller, brev og kritikkar, gav han berre ut to verk. Ein del av forfattarskapen gjekk truleg tapt under andre verdskrigen.

Foto: Forum / Lebrecht

3615
20230811
3615
20230811

Forteljingar

Bruno Schulz:

Kanelbutikkane og andre forteljingar

Omsett av Julia Wiedlocha
Skald Forlag

Av polsk modernistisk prosa er eg mest kjend med Witold Gombrowicz, og eg har vel tenk at han var eit særsyn med sin frodige stil, i grannelaget til surrealismen, men der lyt eg tru om att, for Bruno Schulz (1892–1942) er minst like så fantasifull, ordhag og merkverdig, slik den nye boka i klassikarserien til Skald Forlag, Kanelbutikkane og andre forteljingar, presenterer han. Boka inneheld også eit bonusspor, ei nyleg oppdaga novelle som Schulz skreiv under pseudonym i 1922.

Problematisk

Sjangernemninga forteljingar er problematisk av to årsaker, nemleg at Schulz ikkje skriv særleg forteljande, og at tekstane høyrer så tett til det same universet at ein like gjerne kan kalla boka ein modernistisk roman, men under lesinga tenkjer ein ikkje mykje på sjangeren, ein har nok med å få med seg det som vert skildra.

I mange av tekstane er det far til eg-personen, Jakob, som er den sentrale. Men denne fader Jakob er sjeldan særleg faderleg, men ofte farleg for seg sjølv, i eit uoversiktleg, stort husvære i ein like uoversiktleg by, der forfallet er tydeleg, det meste er innvikla, og alt er underleg. Jakob går nær sagt i oppløysing ved fleire høve, etter at ulike fascinasjonar tek overhand. Ei stund var det ruging av eksotiske fugleegg, like gjerne kondor som påfugl, der han sjølv vart til ein slags fugl, og seinare, om det då finst ein kronologi i verket, var det kakerlakkar som vart objekt for intens interesse, slik at han vart til ein kakerlakk, men denne metamorfosen var ikkje som for Gregor Samsa hjå Kafka, men eit resultat av ein lang prosess.

Mørke løyndomar

Huset der Jakob og mange andre bur, er også ei verksemd, konfeksjonshandel med dalstrok av mørke løyndomar innafor, ein stoffbutikk med attrå attåt, der systovegrisar drøymer seg bort i hampen og halmen og sjølve er i eit febersyn projisert på papiret av forfattaren, ein kvervelstorm av støv og støy, av lått og lyte, medan tida kakerlakkar og lir til alle kantar.

Tittelnovella er typisk for heile boka. Der skal forteljaren, som då er ein ung gut, springa heim att etter lommeboka til faren, då mora har fått lokka familien med på teater. Denne heimturen skulle vera ei overkomeleg oppgåve, men guten går seg vill, han rotar seg inn på stader der han ikkje har noko å gjera, og snart melder lysta til å vitja kanelbutikkane seg. Guten kallar dei det på grunn av det brune brystpanelet til desse butikkane, som er døgnopne. Der inne er varesortimentet av det eksotiske slaget, just som fuglane faren ruga ut, og sanneleg finn ein slike fuglar der også. Men guten kjem ikkje dit, han rotar og tullar seg vidare, og ærendet han var ute i vert gløymd.

Her, som i andre tekstar, er det lite som står fast, ein hest kan krympa til ein liten figur på ein augneblink, slik ei illsint tante vert til oske av ilske, eller Jakob kverv i den eine dilla etter den andre, slik sonen ser han og røyner han, men nokre få gonger ser det ut til å komma eit korrektiv frå den røynlege verda, slik at lesaren forstår at det som kjem til syne, spring ut or ein livleg barnefantasi i eit potpurri av assosiasjonar, ein polsk ordsyklon som er både imponerande, original, fascinerande og inspirerande.

Og omsetjinga, til feiande friskt nynorsk, av Julia Wiedlocha, er kort og godt strålande.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ein polsk ordsyklon som er både imponerande, original, fascinerande og inspirerande.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis