Jappe Nilssen (1870–1931) var ein kunst-kritikar av same støyping som Charles Baudelaire. Difor er det så sørgjeleg at boka ikkje byr på fleire døme på den kritiske skrivekunsten hans.
Oda og Jappe
SAKPROSA
Helle Christine Ravn:
Jappe Nilssen – Munchs- venn og våpen-drager
Orfeus forlag 2016
I dag er det vel få som kjenner namnet Jappe Nilssen, men han var ein tonegivande kulturpersonlegdom i ei brytingstid i norsk kunsthistorie. Han var fast kunstkritikar i Dagbladet i meir enn tjue år og kjend for sin skarpe, smilande penn.
Han var òg forfattar og debuterte i 1896 med nøkkelromanen Nemesis, men det er nok som kritikar han vil bli hugsa. Biografien, den fyrste om Nilssen, minner oss på at Noreg har fostra mange store kunstkritikarar, ein kan berre nemne Christian Krohg, Andreas Aubert, Lorentz Dietrichson og Jens Thiis.
Barn av si tid
Jappe Nilssen var eit ektefødd born av si tid, av 1890-åra og kunstretningar som symbolismen og nyromantikken. Han var nær ven av tidas førande kunstnarar, særleg Edvard Munch og Thorolf Holmboe. Som kulturpersonlegdom gjekk han etter dei store namna, og det nære forholdet mellom kunstnar og kritikar er det leiande perspektivet i biografien. Ravn gjer godt greie for den historiske bakgrunnen til Nilssens estetiske smaksdomar.
Nilssen var ein samansett person: Han voks opp i eit borgarleg miljø i Kristiania, var heile livet nært knytt til systera Julie og heimelivet, men òg ein av dei ivrigaste bohemane i krinsen rundt Hans Jæger. I portrettet boka skisserer opp, trer Nilssen fram som ein norsk slektning av erkeestetikaren Des Esseintes frå Joris-Karl Huysmanns dekadanseroman Mot strømmen (1884), som vart ein kultroman blant Nilssens samtidige nordiske forfattar- og kunstnarkollegaer, og det vart høgste mote å iscenesetje seg sjølv som «trette mænd» à la Arne Garborg.
For ein kritikar kan det vere ein veikskap å vere så nært knytt til si tid, men i Nilssens tilfelle er det ein styrke. Han la ikkje skjul på sympatiar og antipatiar, og nett difor var han epokens kongeniale talerøyr. Nilssen var ein kunstkritikar av same støyping som Charles Baudelaire, og tette band mellom kunstnar og kritikar var langt vanlegare før enn det er no.
Interessant nok etablerer biografien ein samanheng mellom Nilssens oppvekstmiljø og språkbruken hans, og det kan jo vere høveleg i desse dagar med Vigdis Hjorth, arv og miljø og debatten om den såkalla «røyndomslitteraturen»: «Spiren til Jappes friske språk låg nok i oppvekstens pulserande miljø med alle dei ulike yrkesgruppene».
I ein kronikk om ei futuristutstilling i Dagbladet 14. mai 1913 får me eit døme på Nilssens «friske språk»: «De unge kunstnere kalder sig beskedent futurister, det vil si de, som eier frem-tiden. Hvad om de skiftet navn og kaldte sig moritarister; hvilket er utlagt: De, som skal dø!». Her talar ein kritikar med temperament, som ikkje berre ter seg smeikjande, men òg kan vere refsande når dét er på sin plass.
Skrivekunsten
Den kulturelt vakne lesaren ynskjer nemleg, på same måte som med eit forfattarskap, å følgje og fordjupe seg i ei individuell kritikarrøyst og glede seg eller gremje seg over hans eller hennar estetiske smak, kunnskapsmengd, sympatiar, antipatiar og dømekraft. Men kritikarar av slikt format er ei mangelvare i dag.
Så kanskje Jappe Nilssen trass i alt er ein kritikar for vår tid? Difor er det så sørgjeleg at boka ikkje byr på fleire døme på den kritiske skrivekunsten hans. Det burde ha vore sitert langt hyppigare frå alle dei kunstkritikkane han skreiv, slik at lesaren får eit betre grunnlag for å gjere seg opp ei meining om meldarverksemda hans.
Kjetil Berthelsen
Kjetil Berthelsen er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Så kanskje Jappe Nilssen trass i alt er ein kritikar for vår tid?
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.