Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Fransk feilskjær for born

Folka bak briljante Ernest & Celestine fjasar med fjernsynsprosjekt på kino.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Soga om reven som mislukkast med å vere stor og stygg, ebbar ut i ei juleforteljing.

1865
20180803
1865
20180803

ANIMASJON/
BARNEFILM

Regi: Patrick Imbert og Benjamin Renner

Den store stygge reven

(Orig.tittel: Le grand méchant renard et autres contes...)
Med norske stemmer

Dyr frå ein fransk gard rotar rundt bak sceneteppet før framsyninga «Ein baby å levere» kjem i gang. Historia handlar om ein grei gris som med sine vettlause kameratar kaninen og anda skal få ein baby trygt fram til familien når storken skulkar. Ein halv time inn i filmen er det sceneskifte, og soga frå filmtittelen tek til: ei historie om ein rev som mislukkast med å vere stor og stygg. Så rundar dyra av med ei juleforteljing.

Slapp slapstick

Dei tre historiene er greie små fablar med noko på hjarta, og enkelte av figurane er fine, men dei lir av mas. Vi får ei lang rekkje slappe variantar av fysiske spelopparar som halvhjerta hintar til amerikanske klassikarar som Looney Tunes og julefilmar frå Disney. Teikningane vantar magien frå Oscar-nominerte Ernest & Celestine frå same gjeng. Enkle og gamalmodige strekar slår normalt an hjå meg, men finessen er ikkje den same her. Humoren er stort sett fjollete. No og då skjer det noko snedig, men det er unnataket snarare enn regelen.

Skjemta kjem tett. Kjeklinga er frenetisk. Replikkane er ofte repeterande. Dei norske stemmene er generiske og stundom irriterande. Altfor mange ledd kjennest kjapt leverte for den komplekse verda det er å lage teiknefilm. Dette prosjektet var først tenkt for fjernsyn, og truleg hadde det passa betre i eit format med valfri neste episode enn på kino. Kanskje forventa eg for mykje av desse representantane for stolt fransk animasjonstradisjon. Den store stygge reven skuffar.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis