Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Franske bygge klossar

Ein ny kaklande komedie teiknar eit blast bilete av Frankrike.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kunden krev at servitørane må gå i livré frå 1600-talet når dei serverer i bryllaupet.

Foto: Thibault Grabherr / Another World Entertaintment Norway

2581
20180202
2581
20180202

Komedie

Regi: Olivier Nakache og Eric Toledano

C’est la vie! (Orig.tittel: Le Sens de la fête)

Med: Jean-Pierre Bacri, Eye Haidara, Vincent Macaigne

Max (Bacri) driv eit selskap som arrangerer bryllaup i Paris. Med Adèle (Haidara) i front for troppane skal han stelle i stand bryllaupsfest for 200 fintfolk i eit slott utanfor byen. Kunden krev servitørar i lakeikostyme frå 1600-talet. Forviklingar følger.

Kakofoni

Den usmakelege brudgomen vil ha alt sobert, stilig og elegant, i skarp kontrast til filmen. Vitsane er vasne. Slitne sketsjar om stavekontroll på smarttelefonar og ein lat lærar som lirar av seg lingvistisk flisespikkeri og uro over framtida for sirkumfleks-aksenten, speglar nye tider på traust vis. Mor har samla slagerar på ein kassett. Ein kassett! Filmmeldarar i papiraviser anno 2018 ler ikkje av slikt. Den eldre garde ber om chansons av Patachou og Leo Ferrè, medan vokalvikaren James syng Eros Ramazzotti.

Praten går i eitt sett, mana fram av trommekvervlar i høgt tempo. Maset gjer publikum andpustne. Det slit meg ut. Ein skal liksom le av den uendeleg lange talen til brudgomen, men det slår meg at same problem plagar filmen. Festen er krydra med romansar som ligg mellom å vere likesæle og irriterande.

Frankofoni

I publikumssuksessen De urørlige stolte regissørduoen Olivier Nakache og Eric Toledano med hell på sjarmen til Omar Sy. I C’est la vie! har Eye Haidara ei herleg kraft, og fleire andre av dei tallause figurane er solide skodespelarar, men dei druknar, nett som temaet. Hardt svart arbeid, late dustar og arrogant aristokrati er på menyen. Vi ser kva som skjer på bakrommet når den franske overklassen festar. Historia verkar meint å samle landet gjennom minste felles multiplum. Moralen er at alle bitar bidreg, tilpassar seg og kjem unna med æra.

Fint nok, men komedien er klossete. Eg lo null gonger. Einaste komiske element er at distributørane freistar å forfranske den franske tittelen, så ingen skal misse kor erkefransk filmen skal vere. Som Borges skreiv, treng ein ikkje kamelar i Koranen for å gi kulturell autentisitet. Her har du Eiffeltårnet i første scene. Stereotypar står i kø. Viss du ikkje likte Familiekaos, vil du hata C’est la vie!. Skal du sjå ein fransk komedie på kino denne veka, bør du velja filmen til Claire Denis, Let the Sunshine in.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Viss du ikkje likte Familiekaos, vil du hata C’est la vie!.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis