Franske forteljingar
Laurent Cantet skildrar samtida med smarte samtalar.
Sju franske ungdommar prøver å skrive ein kriminalroman saman i den nyaste filmen til Laurent Cantet.
Foto: Jerome Prebois / Storytelling Media
DRAMA
Regi: Laurent Cantet
The Workshop (Orig.tittel: L’atelier)
Med: Marina Foís, Matthieu Lucci
Den kjende forfattaren Olivia (Foís) leier ein sommarskule der unge utan arbeid skal skrive ein krimroman saman. Gjengen på sju er variert. Skriveverkstaden er basert på samtalar som stundom sklir ut i kranglar med distansert aggressive Antoine (Lucci) i sentrum. Eit spel med dragnad og frykt utviklar seg mellom han og rettleiaren.
Frankrike i dag
Debatten om kva historie dei vil fortelje, speglar kampen om kva stemmer som dominerer i Frankrikes forteljingar i dag. At filmen sirklar rundt slike samtalar, gjev eit metaaspekt fransk film har sterke tradisjonar for. Plassen fiksjonen har i røynda og røynda i fiksjonen, er sentrale tema. Diskusjonen om motiv for mord i ein roman handlar òg om kven som kan ty til vald når vona svinn.
Den gamle verftsbyen La Ciotat aust for Marseille gjev postindustrielle rammer. Klipp frå betre tider står i kontrast til konfliktar og uvisse i våre dagar. Arbeidsløyse, rasisme, terror, franske identitetar og høgrepopulisme siv snart til overflata. Gruppa er sett saman for å få fram ulike synspunkt i dagens Frankrike. Typane er kjende, men heldigvis unngår realisten Laurent Cantet kleine karikaturar. At Antoine leflar med rasisme, spelar valdelege dataspel, er kroppsfiksert og har høgreorienterte vener, kan høyrast ut som ein sjablong, men figuren er ikkje dum, og dynamikken mellom han og Olivia er intens. Marina Foís og Matthieu Lucci spelar godt.
Cantet kan
Cantet skildra avindustrialiseringa av Frankrike og fragmenteringa av fellesskap med bravur i Menneskelige ressurser. Gruppedynamikken og skildringa av fransk ungdom her slektar på gullpalmevinnaren Klassen. Diskusjonane om historiene vi fortel oss sjølve, kan minne om metoden i franskmannens vellukka kubanske prosjekt, Himmelen over Havanna. The Workshop har likevel heller individfokus, med Antoine i hovudrolla. Vi kjem på innsida av livet til nokon vi ikkje veit om vi kan sympatisere med, men som vi vil forstå, litt som i ypparlege Mot sør, om sexturisme i Haiti. The Workshop er ikkje det mest originale han har laga, men Cantet står for kvalitet. Filmen er tidsriktig, spennande og balansert. Han spør mellom anna kva forteljingar Frankrike treng. Det er eit godt spørsmål.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

The Workshop er ikkje det mest originale han har laga, men Cantet står for kvalitet.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.