JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Gaukunge og trekkfugl

Aage Storm Borchgrevink har skrive ei grundig historie om Statoil innpakka i dramatisk såpeoperaform.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Christian Radich» passerer oljeplattforma Ekofisk i Nordsjøen for fulle segl i 1975.

Foto: Per Løchen / NTB scanpix

6243
20191213
6243
20191213

Biografi

Aage Storm
Borchgrevink:

Giganten. Fra Statoil til Equinor: Historien om selskapet som forandret Norge

Kagge forlag

Litteraturvitaren og forfattaren, av både skjønnlitteratur og sakprosa, Aage Storm Borchgrevink (fødd i 1972, same året som selskapet) har gjeve ut ei historie om Statoil. Boka har fått det noko forvirrande namnet Giganten, forvirrande av di ein kan lura på kva det refererer til: Statoil? Det ville vel vera ei overdriving, samanlikna med andre slike selskap i verda. Og rett nok, heilt på slutten, etter at Borchgrevink har lansert samanslåinga mellom Statoil og oljedivisjonen i Hydro som ein gigant-kandidat (og NB her røper vi noko), vert det klårt at den eigentlege giganten er Oljefondet, som i skrivande stund har ein marknadsverdi på 10.190.150.708.946 norske kroner.

Framand fugl

Ein meir treffande tittel ville vore «Gjøkunge og trekkfugl». For dette er hovudstrukturen i boka: at ein framand fugl (Philips Petroleum) kjem til landet og legg eit egg, og ut av det kjem Statoil, som veks ukontrollert og trugar med å ta makta frå den norske stefaren sin, Stortinget, eigentleg Ap, og endå meir eigentleg dei såkalla Ap-høvdingane Jens Christian Hauge og Finn Lied, for ikkje å snakka om havnåmsmannen Jens Evensen, som skaffa oss Nordsjøen og Barentshavet. Inntil selskapet vert ein vaksen fugl som tek til vengene, om ikkje til vettet, og dreg ut i verda.

Så dette er biografien om denne fuglen? Tja, men uautorisert, og ikkje eit akademisk verk, «men jeg har forsøkt å følge allmenne, historiske fremstillinger i bruken av litteratur og kilder». Prosjektet er difor ulikt «det store forskingsprosjektet på Equinor (…) ved Universitetet i Oslo» som Borchgrevink meiner har band til selskapet. Snarare er det eit (uavhengig) journalistisk prosjekt, om det no er mogeleg å skilja mellom dette og historievitskap. Borchgrevink byggjer på intervju med både opne og anonyme kjelder. Dei opne er identifiserte med namn og dato: meir enn 159 slike. Desse, saman med andre kjelder, viste i ei stor litteraturliste, vert brukte i 792 fotnotar. Her er mykje og grundig arbeid lagt ned som gjev detaljkunnskap i meste laget om styremøte og leiaravgjersler.

Sjangerblanding

Ifølgje smussomslaget er resultatet dessutan: «Storslått, spennende og uhyre velskrevet.» Og sjølvskryt skal ein lytta til? Eg kan i alle fall skriva under på at boka er velskriven. Men spanande? Nei, dei som vil lesa ei slik bok, veit vel korleis det har gått? Og storslegen? Eg veit ikkje, og det har samanheng med kva sjanger denne teksten er. Hamsun meinte innkrevjing av vekslar og økonomiske problem lagar dårleg litteratur: Det gjev oss ikkje innsikt i det indre sjelelivet. Ibsen, derimot, brukte fallittar til nettopp å laga noko storslått av di han forma det inn i klassiske tragediar der storslegne personlegdomar vert knuste av lagnad og eigne feil. Slike som John Gabriel Borkman.

Og her er problemet for meg med denne boka: Borchgrevink brukar nemleg erfaringane sine frå skjønnlitteratur og sakprosa til å blanda sjangrar. Om han hadde valt å skriva berre ein analyserande kronologi om Statoil som økonomisk/teknologisk prosjekt, kunne sidetalet vore skore ned frå 421 til 200. Sjølvsagt ville det ha gjeve eit smalare lesarsegment og vore keisamt å lesa for Hamsun. Spørsmålet ville dessutan vera om ein litteraturvitar har kompetanse til å gjera det. Borchgrevink har vel tenkt at han kan overlata slikt til forskingsprosjektet ved Universitetet i Oslo.

I staden brukar Borchgrevink den skjønnlitterære kompetansen til å fylla boka med dramatiseringar av typen: «’Da er han her!’ Statssekretær Ramm betraktet statsråd Hveding, som mottok beskjeden om at Arve Johnsen hadde ankommet departementet på sin første visitt til den nye politiske ledelsen. Hvedings høyre øye var åpent, skarpt og nesten gutteaktig, det venstre delvis skjult av en hudfold. Det grå håret var kjemmet bakover i sideskill, nesen var tynn og markert. Hveding hadde konstant en smilerynke over neseryggen, men det lekte et smil rundt den tynne munnen.»

Såpe

Sant å seia trur eg korkje Hamsun eller Ibsen ville vore interesserte i slike skildringar, som i dette tilfellet dessutan berre seier noko om utsida av hovudet og ikkje det indre sjelelivet. Problemet med slik innskoten skjønnlitterær fargelegging i ei realistisk historieforteljing er at knapt nokon av modellane for karakterane er storslegne, medan den realistiske historia sjeldan har litterær form og avslutting. Alt Aristoteles var kritisk til (små)drama utan avsluttande form, altså det vi i dag kallar såpeopera eller TV-seriar.

Det er det Borchgrevink lagar. Eller noko som kunne verta dreieboka til ein TV-serie. Ikkje overraskande samanliknar han stadig vekk hendingar i forteljinga si med dei i ein kjend såpeopera, Dynastiet, som handlar om forviklingar i amerikansk oljebransje. Men karakterane der var pappfigurar. Og sjølv om Arve Johnsen, Harald Norvik og Helge Lund er av kjøt og blod, er ingen av dei spesielt interessante eller tragiske, sjølv om to av dei vert sparka på grunn av skandaløse overskridingar. Ingen døyr eller vert fattige. Og dessutan manglar Borchgrevinks såpeopera éin viktig ingrediens, nemleg kjærleik og sjalusi. I denne såpeoperaen er det berre menn, og ikkje eingong litt homofili. Og inga Alexis (Joan Collins).

Eller er dette likevel ei tragisk historie? Eg nemnde at det er ein hovudstruktur i boka, og han kan tolkast tragisk: Då er det Ap og sosialdemokratiet som er den tragiske helten: Dei lagar eit statsselskap, noko dei elskar, slik dei laga det statlege jernverket på Mo. Men så opplever dei at selskapet vert eit aksjeselskap som vert tvinga til å konkurrere med umoralske liberalistiske selskap og viklar seg inn i korrupsjonssaker. Utan at statsrådane detaljstyrer. Til slutt, og verst av alt, skiftar selskapet namn, trass i motstand frå Ap-høvdingane: Equinor. Slik NSB har vorte til Vy og Telegrafverket til Telenor.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og
fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I denne såpe­operaen er det berre menn, og ikkje eingong litt homofili. Og inga Alexis.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis