Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Gertrude Stein

Kva ville ho med livet?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den amerikanske forfattaren og kunstsamlaren Gertrude Stein levde frå 1874 til 1946.

Foto: AP / NTB scanpix

4649
20180601

I denne spalta stiller vi dei store spørsmåla om dei største.

Forfattaren

Gertrude Stein (1874–1946) var ein amerikansk-jødisk forfattar og kunstsamlar, busett i Paris mesteparten av det vaksne livet. Ho er mest kjend for den modernistiske litteraturen og for den litterære salongen sin i Rue de Fleurus. Stein er rekna som ei drivkraft for utviklinga av moderne kunst og litteratur i byrjinga av 1900-talet og hadde stor innverknad på ei rekkje amerikanske forfattarar, som Ezra Pound, Scott Fitzgerald og Ernest Hemingway.

Kva var den viktigaste boka hennar?

The Autobiography of Alice B. Toklas (sjølvbiografien til Alice B. Toklas, 1933) gjorde namnet hennar kjent utover dei smale krinsane ho vanlegvis gjekk i. I «sjølvbiografien» fortel Stein om opplevingane sine i den fargerike kunstverda i Paris mellom verdskrigane. Boka er ei regelrett hyllest til henne sjølv, sjølv om orda er lagde i munnen på veninna og livspartnaren Alice B. Toklas. Trass i sjølvskrytet fall lesarane for boka, som gav eit vittig portrett av eit kreativt miljø med mange spennande personlegdomar. Boka blei ein kommersiell suksess og er den einaste ho skreiv i konvensjonell form – med andre ord i ein helt annan stil enn den modernistiske som ho var talskvinne for.

Kva meinte ho om samtida?

Stein medverka til å skape ei kunstnarleg rørsle som kravde ei ny uttrykksform og eit brot med fortida. Ho avviste kompromisslaust den lineære, tidsorienterte skrivemåten som tilhøyrde det nittande hundreåret, til fordel for ein eksperimentell, prosessorientert skrivestil, karakteristisk for det tjuande hundreåret. Stein likte ikkje substantiv og adjektiv, men var glad i verb og adverb fordi «verb og adverb og artikler har liv i seg fordi de alle gjør noe, og så lenge noe gjør noe, holder det seg i live». Det ho skreiv, bar preg av repetitive rytmiske forenklingar, og ho søkte eit språk som tilsvarar augeblinksbildet i filmen.

Kva innverknad hadde ho på ettertida?

I ettertida har Stein hatt mindre påverknad som forfattar enn ho har som katalysator for utviklinga av moderne kunst. Salongen hennar i 27 rue de Fleurus som ho delte med Alice B. Toklas, blei ein samlingsstad for avantgardistar som støtta kunstsynet hennar. I åra mellom første og andre verdskrig fann ein jamn straum av amerikanske og engelske forfattarar vegen til salongen hennar. Ho kalla desse The Lost Generation («den tapte generasjonen») fordi dei var modna under den første verdskrigen og såleis merkte av han. Ernest Hemingway, F. Scott Fitzgerald og Sherwood Anderson var blant dei.

Var ho lukkeleg?

Stein blomstra då ho møtte amerikansk-jødiske Alice B. Toklas i Paris i 1907. Toklas blei følgjesveinen hennar, redaktør, sekretær, kokk og muse gjennom 39 år, fram til ho døydde i 1946. Toklas er mest kjend for kokeboka: Alice. B Toklas’ kokebok. Dei to hadde eit rikt og spennande samliv og klarte seg gjennom okkupasjonen av Frankrike på grunn av vennskapet med Bernard Faÿ, ein kollaboratør frå Vichy-regimet som hadde band til Gestapo.

Var ho eit godt menneske?

«Et forferdelig usympatisk menneske, hovmodig og frekk, men med en eventyrlig biografi og stinn av kapital.» Slik har poeten Cecilie Løveid karakterisert Stein, som kom frå ein rik familie. Når det kom besøk til salongen, sette Stein i gang med å underhalde mennene, mens Toklas gjerne blei plassert på kjøkkenet for å drikke te med konene til genia. «Den største mannssjåvinisten av dei alle var Gertrude Stein», skal Brit Bildøen ha uttala. Samstundes var ho svært sjarmerande, veltalande og støttande overfor dei som blei tekne under vengene hennar.

Kven var ho i strid med?

Stein var sær og støytte frå seg fleire vener. I sjølvbiografien til Alice B. Toklas fornærma ho mange. Mellom anna hadde ho samanlikna hustrua til målaren Matisse med ein hest. Etter som åra gjekk, levde ho og Alice meir isolert og tilbaketrekt. Men dei heldt fram med den kreative verksemda i lag livet ut.

Trudde ho på Gud?

Nei.

Kva ville ho med livet?

Stein var ein eigenrådig livsnytar som ønskte heider. «Jeg ville alltid bli historisk», sa ho like før ho døydde, «helt fra barnsben følte jeg det slik...» Ho var smart og kunne ha fått ei akademisk løpebane. Som ung gjekk ho to år på Johns Hopkins Medical School men forlét universitetet utan eksamen. Då ho blei spurd om kvifor, svarte ho: «Eksamener kjeder meg.»

Kva er eit typisk sitat frå henne?

«En rose er en rose er en rose», er ei av dei mest kjende setningane hennar. Sitatet blir òg av mange sett på som representativt for den litterære modernismen.

Anne Synnøve Simensen

Anne Synnøve Simensen er journalist og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis