Guddommeleg lyte
Danske Caspar Eric skriv uforfalska langdikt om handikapp.
Casper Eric har gjeve ut fleire diktsamlingar og vert rekna for å vere ein av dei fremste unge poetane i Danmark.
Foto: Fryd Frydendal
DIKT
Caspar Eric:
Nike
Gjendikta av Dan Andersen
Tiden norsk forlag 2017
Ung dansk poesi har i seinare år vore det drivande tyngdepunktet i den nordiske poesien. Byrjinga på oppturen kan daterast til Yahya Hassans diktbok. Seinare har poetar som Theis Ørntoft, Asta Olivia Nordenhof, Ali Smith og Olga Ravn kome til. Dei skriv lyrikk som orienterer seg eksplisitt mot økokritikk, politikk og etikk. Fleire av dei danske bøkene er komne i norske gjendiktingar på Samlaget.
Den danske poesibølgja har halde seg. I haust føreligg Caspar Erics langdikt Nike på norsk i Dan Andersens gjendikting. Nike er, som Erics føregåande diktbøker, sjølvbiografisk. Denne gong er det forfattarens lyte – cerebral parese – som utgjer omdreiingspunktet for eit forrykande og stemningsvekslande monologisk langdikt. Diktet vender seg til ein ekskjærast, i form av eit e-brev, og rører seg i store assosiative sprang frå seksualitet, samliv og robotar til rapp og amerikanske TV-seriar.
Varemerke
Nike er ein gresk gud, men også eit av verdas mest kjende varemerke. Den vridde CP-råka kroppen kan i enkelte vinklar likna ein gresk gudestatue, og det verkar som forfattaren ønskjer å knyte handikappet sitt til noko guddommeleg: «jeg trekker streker/ i snøen med sneakersene mine/ som Hefaistos / den forkrøplede guden / som skulle vokte over ilden.»
Nike diskuterer tilhøvet mellom dei andre sitt blikk på den skada kroppen og korleis det kjennest å leve med handikapet som definerande del av identiteten. Jamvel om eg-personen ikkje ønskjer å vere eit offer, og heller ikkje vil verte sett på som ein vellukka handikappa, leverer han ikkje nokon føretrekt tredje posisjon. Forfattaren set seg i scene gjennom avviket, han byggjer seg opp og bryt seg ned mentalt, liksom han freistar å halde kroppen, som er under eit ekstremt forvitringspress, i sjakk.
Litterært verde
Ein kan nok kjenne på trøyttleik andsynes den sjølvbiografiske litterære trenden, og den forteljande lyriske stilen kan verke avgrensande og forterpa. Caspar Erics dikt er høgst leseverdig, morosamt og fritt for sjølvmedkjensle, og framfor alt har det litterær verdi. Det er også eit dikt som trer inn i samfunnet, problematiserer kroppsbilete og lyfter den handikappas situasjon uforfalska inn i poesien: «det kan være en form/ for hevn å la kroppen/ forfalle.»
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Erics dikt er høgst leseverdig, morosamt og fritt for sjølvmedkjensle, og framfor alt har det litterær verdi.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?