Gunnar Torvund og Phillip Dommen: «Uventa ting skjer»
20. januar–11. mars 2018
Kunsthall Grenland, Porsgrunn
Her møter du overraskande og uventa skulpturar av dei to betydelege telemarkskunstnarane Gunnar Torvund og Phillip Dommen. Merk at det berre er tre dagar att av utstillinga.
Aurora Passero:
«Silvery Actions»
2. februar–13. mai 2018
Vigeland-museet, Oslo
Installasjonane til Aurora Passero er laga spesielt for museet og i dialog med skulpturane og teikningane til Gustav Vigeland. Arbeida er vovne med nylontråd. Nokre minner om skulpturar, andre om måleri.
Mimmi Falsen:
«Et fenomen i sin tid»
14. januar–15. april 2018
Asker museum
Asker museum har ei viktig mønstring av målaren Mimi Falsen (1861–1957) med heile 62 verk. Ho var ein av dei første kvinnene som vart kunstnar på fulltid. Ho skaffa seg ei solid utdanning i utlandet, og ho er utstilt fleire stader i inn- og utland. Falsen er mest kjend for dei slåande portretta sine. Motiva i utstillinga spenner frå portrett til landskap, interiør og blomster. Ho var i full kunstnarleg utvikling gjennom heile livet, og nokre av dei beste arbeida laga ho over nitti år gamal. «Et fenomen i sin tid» er del av ein serie utstillingar med kunstnarar frå Asker og Bærum.
Kjell Erik Killi-Olsen:
«New York 1983»
17. februar–6. mai 2018
Trondheim Kunstmuseum
Utstillinga er eit djupdykk i kunsten Killi-Olsen laga medan han budde i New York i byrjinga av 80-talet. Her får vi sjå store installasjonar, skulpturar og måleri. Det å vere annleis er eit viktig tema for Killi-Olsen. Verka har gjerne overvekt av det groteske, balansert med humor og medkjensle.
Sonya Kelliher-Comb:
«Det vi bærer på»
24. februar–23. september 2018
Kunsthall Svalbard, Longyearbyen
I utstillingsrommet heng mengder av lommer i reinsdyr- og sauehud i lange snorer. Hylsene er vevre, gjennomsiktige og i sterk kontrast til dei kraftige trådane dei heng i. Utstillinga er inspirert av snorer som skal hindre born i å miste vottane sine. Sonya Kelliher-Comb arbeider i Alaska og finn inspirasjon i korleis forfedrane nytta dyrehud, skinn og membranar. Arbeida hennar er særleg tankevekkande når dei vert stilte ut på Svalbard, eit territorium utan urfolk, som har hatt ei internasjonal befolkning i fleire hundre år.
Kunsthall Svalbard opna i 2015. Visningsstaden er del av Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø.
Anne-Kjersti Hermanrud: «Geometriske konstruksjoner»
16. februar–18. mars 2018
Haugesund Kunstforening
Måleria til Anne-Kjersti Hermanrud er bygde opp av strenge, geometriske former. Paletten hennar er like nøktern, ho held seg til gråtonar i spennet mellom svart og kvitt. Verka er ikkje figurative, likevel får ein assosiasjonar til utsnitt av bygningar. Såleis får lerretsflata ein romverkad, der samanstillingane av former vippar mellom ro og uro.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.