M.H. Hallum får Ibsenprisen i år.
Foto: Skien kommune
Hallum får Ibsenprisen 2018
Onsdag kveld vart Ibsenprisen for 2018 delt ut i Peer Gynt-salen i Ibsenhuset i Skien. Det er ein gjæv pris, vinnaren får 150.000 kroner og ein statuett av Nina Sundbye. I år går prisen til teaterstykket Solveigs 2. sang av M.H. Hallum. Stykket, som hadde urpremiere på Teater Innlandet i fjor, sirklar kring Solveig frå Peer Gynt og tilhøvet hennar til Peer. Dramatikaren Malmfrid Hovsveen Hallum har skrive ei rekkje verk for ulike scener, og også for NRK Radioteatret. Solveigs 2. sang er eit samarbeidsprosjekt mellom Teater Innlandet og NRK Radioteatret.
Ny leiar for sakprosafestival
I førre veka fekk Norsk sakprosafestival i Oslo ny leiar: Mette Karlsvik. No har systerfestivalen i Trondheim òg fått ny leiar: litteraturvitar Hanna Malene Lindberg. I lag med eit team skal ho syrgje for at festivalen Fakta F går av stabelen som planlagt 2. og 3. november på Litteraturhuset i Trondheim.
«Sakprosa er et veldig interessant felt, med mange linjer på tvers til andre felter i samfunnet. Jeg ser på dette som et opplysningsarbeid, noe for vår allmenne dannelse», seier litteraturvitaren til bok365.no
Seks nye til- sette i Samlaget
Det norske Samlaget har 150-årsjubileum i år. Dei feirar med gjæve utgjevingar, men òg med storinntrykk i bokstova. Bokreiaren har nemleg tilsett heile seks nye medarbeidarar, alle kvende som er glade i bøker: Runa Kvalsund, Maren Ingeborg Hvamstad, Elen Betanzo, Oda Malmin, Katerina Futsæter Vik og Sara Olivia Berntsen. Dei som fylgjer med i den norske bok- og forlagsbransjen, kjenner nok att eitt og anna namn her.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Hallum får Ibsenprisen 2018
Onsdag kveld vart Ibsenprisen for 2018 delt ut i Peer Gynt-salen i Ibsenhuset i Skien. Det er ein gjæv pris, vinnaren får 150.000 kroner og ein statuett av Nina Sundbye. I år går prisen til teaterstykket Solveigs 2. sang av M.H. Hallum. Stykket, som hadde urpremiere på Teater Innlandet i fjor, sirklar kring Solveig frå Peer Gynt og tilhøvet hennar til Peer. Dramatikaren Malmfrid Hovsveen Hallum har skrive ei rekkje verk for ulike scener, og også for NRK Radioteatret. Solveigs 2. sang er eit samarbeidsprosjekt mellom Teater Innlandet og NRK Radioteatret.
Ny leiar for sakprosafestival
I førre veka fekk Norsk sakprosafestival i Oslo ny leiar: Mette Karlsvik. No har systerfestivalen i Trondheim òg fått ny leiar: litteraturvitar Hanna Malene Lindberg. I lag med eit team skal ho syrgje for at festivalen Fakta F går av stabelen som planlagt 2. og 3. november på Litteraturhuset i Trondheim.
«Sakprosa er et veldig interessant felt, med mange linjer på tvers til andre felter i samfunnet. Jeg ser på dette som et opplysningsarbeid, noe for vår allmenne dannelse», seier litteraturvitaren til bok365.no
Seks nye til- sette i Samlaget
Det norske Samlaget har 150-årsjubileum i år. Dei feirar med gjæve utgjevingar, men òg med storinntrykk i bokstova. Bokreiaren har nemleg tilsett heile seks nye medarbeidarar, alle kvende som er glade i bøker: Runa Kvalsund, Maren Ingeborg Hvamstad, Elen Betanzo, Oda Malmin, Katerina Futsæter Vik og Sara Olivia Berntsen. Dei som fylgjer med i den norske bok- og forlagsbransjen, kjenner nok att eitt og anna namn her.
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.