Innsida tek toget i Japan
Bilettekst
Ikkje mykje av det som går på jernbaneskjener kan måla seg med Bergensbanen, enten det handlar om ingeniørkunst eller naturoppleving.
Det gjer naturlegvis at Innsida ikkje utan vidare lèt seg imponera av togtilbod her og der rundt om i verda. Då Innsida nyleg var på offisiell vitjing til Japan, var det naturleg å ta ein prøvetur med det vidgjetne snøggtoget Shinkansen. På fleire område innanfor togdrift vil Innsida slå fast at japanarane klarar seg godt. Særleg den gode skikken med at konduktøren snur seg og bukkar til passasjerane når han har gått gjennom ei vogn. Forseinkingar er òg noko dei tek alvorleg, svært alvorleg. Dei togkyndige Innsida snakka med, var ikkje særleg nøgde med at Shinkansen var seks minutt forseinka – til saman – i 2016.
Likevel er det ikkje dei kvite hanskane til konduktørane, dei presise rutetidene eller den utrulege farten som imponerer mest. Togmaten i Japan er med dette klart kåra til verdas beste perrongservering. Stasjonane er fulle av ulike kioskar som sel lekre rettar som ein kan ta med om bord. Det er nydelege små matboksar med alt frå fersk sushi til vel-lagra Kobe-biff.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ikkje mykje av det som går på jernbaneskjener kan måla seg med Bergensbanen, enten det handlar om ingeniørkunst eller naturoppleving.
Det gjer naturlegvis at Innsida ikkje utan vidare lèt seg imponera av togtilbod her og der rundt om i verda. Då Innsida nyleg var på offisiell vitjing til Japan, var det naturleg å ta ein prøvetur med det vidgjetne snøggtoget Shinkansen. På fleire område innanfor togdrift vil Innsida slå fast at japanarane klarar seg godt. Særleg den gode skikken med at konduktøren snur seg og bukkar til passasjerane når han har gått gjennom ei vogn. Forseinkingar er òg noko dei tek alvorleg, svært alvorleg. Dei togkyndige Innsida snakka med, var ikkje særleg nøgde med at Shinkansen var seks minutt forseinka – til saman – i 2016.
Likevel er det ikkje dei kvite hanskane til konduktørane, dei presise rutetidene eller den utrulege farten som imponerer mest. Togmaten i Japan er med dette klart kåra til verdas beste perrongservering. Stasjonane er fulle av ulike kioskar som sel lekre rettar som ein kan ta med om bord. Det er nydelege små matboksar med alt frå fersk sushi til vel-lagra Kobe-biff.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.