Kinomørketid
TROMSØ: Noko så oppløftande som tanken på ei heil veke med filmfestival kan snu til å verta ei nedtrykkande oppleving om ein ikkje legg inn eit par lyspunkt.
Far og son vert drivne inn i eit virvar der nabo vender seg mot nabo og endrar samfunnet til eit «oss» og «dei» i filmen The Forest.
Foto frå filmen
Tromsø internasjonale filmfestival
14.–20. januar 2019
Om du er glad i film, er Tromsø verkeleg plassen å vera i januar. Om du derimot treng å få litt tru på at verda ikkje går til helvete, bør du revurdera det. Eventuelt gå og sjå den siste røyndomsfluktfilmen frå Hollywood i staden. Eg tenkte eg skulle ta for meg ein del av dei mange russiske filmane Tiff har på programmet i år. Med det som utgangspunkt hadde eg kanskje ikkje trunge å forventa noko ras av endorfinar, for å vera litt fordomsfull i retrospekt.
Skogen for berre tre
Lange sekvensar med menneske som stirer håplaust ut i lufta etter at dei i alkoholrus har valdteke kona og dengt naboguten – høyrest det ut som ein parodi på ein tilfeldig valt russisk film? The Forest (regi: Roman Zjigalov) er det næraste eg har kome nettopp det. Og oppsummeringa stemmer altså med filmen. Miseren tek ikkje slutt før filmen tek slutt, og då blir sjåaren etterlaten med ei fleire minutt lang taking som minner oss på at kapitalismen har vunne og mennesket tapt. For så vidt ikkje ein tanke eg er framand for. Men sett med auga til fattige skogsarbeidarar på den endå fattigare landsbygda i eit Russland som tydelegvis enno slit med overgangen frå kommunisme til kapitalisme, blir det noko anna enn mitt vestlege hjartesukk om å innføra kjøpefritt år eller kjøtfri måndag. Velkomen til Tromsø internasjonale deppefestival.
Meir enn babusjka
På Verdensteatret (Nord-Europas eldste kino) viser dei framleis 35 mm-film på gamle maskiner, og på programmet står Case No 306 (regi: Anatolij Rybakov) frå 1957. Det får bli motstykket til det eg no har lese opp og vedteke er typisk russisk film. Handlinga er spennande nok, men det mest spennande er kor framståande kvinnerollene er. Ikkje berre er dei langt fleire på skjermen enn det ein forventar i ein amerikansk actionfilm i dag, men kvinnene har berande rollar både som skurkar, legar og kløktige etterforskarar.
Korleis kan det ha seg? Det me knyter til femtitalet, var nok dels snudd på hovudet i Sovjetunionen på den tida. Det egalitære samfunnet kommunismen så gjerne ville skulle fungera, gjer seg i det minste på lerretet om ikkje i praksis.
Krig og fred
Noko anna som fungerer overraskande godt i stort format, er Ringenes herre-regissør Peter Jacksons oppdragsfilm for Imperial War Museum. They Shall Not Grow Old er eit aldeles hakesleppframkallande arbeid, ein rekonstruksjon av opptak frå fyrste verdskrigen, farge- og lydlagt slik at den for dei fleste nokså fjerne krigen, kjem til live, i motsetning til dei over éin million britiske soldatane som fall.
Forteljarstemmene er intervju av veteranar, like saumlaust redigert som resten av materialet. Av ein eller annan grunn har ingen norske kinoar tenkt å setja opp filmen, trass i den tilsynelatande aldri avtakande interessa for krig hjå nordmenn. Med eit så sterkt regissørnamn ville eg tru han kunne trekka eit breiare publikum. Ingen har vondt av å bli mint på at krig er dumt.
Litt glad òg
Det er framleis nokre dagar att av filmfestivalen i Tromsø, så eg har framleis tid til å unngå dei mest nedslåande filmane. Mykje av programmet består av førpremierar, mellom anna ei radikalt mykje festlegare sak, nemleg den siste filmen til Hirokazu Koreeda, Shoplifters. Om det ikkje er den beste han har laga, er filmen eit herleg pusterom i festivaloppsettet – ein slags feelgood-film om småkårsfolk i Japan, som heller ikkje har fått dei mest privilegerte korta.
No skal det til forsvar for både Tiff og filmfestivalar generelt seiast at noko av oppgåva deira er å få fram i lyset det som ein ikkje har lov til å oversjå. Men utan sukker i pillen vert det fort vondt å svelgja.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ingen har vondt av å bli mint på at krig er dumt.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.