Bo er ein lyrisk roman frå Kjersti Bronken Senderud.
Her er ein bilettekst
ROMAN
Kjersti Bronken
Senderud:
Bo
oktober forlag
Det er noko uferdig over Bo, Kjersti Bronken Senderuds andre roman. Dette er ikkje meint som negativ kritikk, snarare tvert imot. Eg trur det finst signal i teksten om at det er enda meir stoff i denne forteljinga. Eg vil ikkje bli forundra om det kjem nok ein roman, kan hende slik at vi samla sett får eit slags «portrett av kunstnaren som ung kvinne»? For Bo er formelt og tematisk i nær slekt med Huset, Kjersti Bronken Senderuds debutroman frå 2007. Huset og Bo som romantitlar – tilfeldig? Neppe!
Levd liv
Bo er ein eg-roman. Ei vaksen kvinne bur attmed ein park og ein jernbanetrasé i ein by. Frå leilegheita ser ho ned på liv og røre i parken, noko som vekkjer assosiasjonar til eigen barndom, ungdom, kjærleiksforhold, stutt sagt dei røynslene og opplevingane som har gjort henne til den ho no er.
Teksten er sett saman av minne, episodar og bilete frå levd liv. Alt flyt saman i tekstens no, alt er skrive i presens, fortids røynsler og fortids minne er ein del av henne slik ho er no. Teknikken er språkleg raffinert, meir raffinert enn i Huset der skiljet mellom notid og fortid er markert i verbbruken. Forteljaren har dessutan ein sanseleg sans for den realismeskapande detaljen, ein biletskapande stil og ein rytmisk sans som mang ein lyrikar kan misunne henne. Og nett dette lyftar romanen langt over det jamne.
Oppvekst og kjærleik
Bo er ein oppvekstroman, ein kjærleiksroman, kan hende ein kunstnarroman. Eg-forteljaren har vakse opp delvis i ein småby, delvis på eit gardsbruk ein stad i eit austnorsk landskap. Ho er skilsmissebarn, riven mellom mor og far og dei respektive familiane. Ho er utrygg og trygg, det siste ikkje minst når ho sit på hesteryggen på farsgarden eller ferdast i heimleg miljø saman med Bo.
Og kjærleiksforholdet til Bo er ein kjerne i heile romanen. Ho blir kjærast med den åtte år eldre Bo før ho fyller 16. Han har bil og jobb i Oslo, høyrer på punk, han er eksotisk og attråverdig og annleis enn bygdejamaldringane hennar som svingar seg til dansebandmusikk på laurdagskveldane.
Ein kunne tenkje at slikt noko er rein klisjétenking, både det som gjeld bygdeliv og kjærleiksforhold mellom unge jenter og eldre gutar, men klisjear ber òg sanning i seg. Det er nett difor dei blir klisjear. Jenta ser opp til Bo og kjenner seg trygg saman med han, men etter kvart er det ho som blir den sterke. Bos liv er utrygt, syner det seg. Det er noko fascinerande dobbelt i eg-personen. Ho kan vere full av vilje, livslyst og kåtskap, men samstundes melankolsk og destruktiv, på grensa til det sjølvøydeleggjande.
Møtet og samlivet med Bo har vore skilsetjande i livet hennar. Det er alltid Bo tankane vender attende til, episodar og hendingar frå tida saman med han blir levandegjort og nærverande i forteljarens lyriske språk. Men så har da også forteljaren i romanen fått språket frå skrivaren, nemleg Kjersti Bronken Senderud, som mange vil kjenne fyrst og fremst som ein av våre viktigaste lyrikarar.
Bo får mi beste anbefaling! Les gjerne òg Huset, og vurder om ikkje romanstoffet kan romme nok ein roman.
Ole Karlsen
Ole Karlsen er professor i nordisk litteraturvitskap ved Høgskolen i Hedmark og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bo får mi beste anbefaling!
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.