Klar ein klassikar
Kva med å lese ein klassikar i sommar? Her er to feriefavorittar.
Barnebok
Rune Belsvik:
Dustefjerten og den store sommarferieturen
Cappelen Damm
I det vesle landet ved bekken er det tid for den store sommarferieturen.
Fantasiskapningane som bur her, er vanskelege å kategorisere, dei er både barn og vaksne, dyr og menneske. Namn som Dustefjerten, Oktava, Kavringreven og Bollefisen får det til å rykke i smilebandet og set fart i fantasien. Figurane har avgrensa, tydelege eigenskapar.
Store anslag og puslete realitetar er eit kjenneteikn ved den varme komikken til Rune Belsvik. Snart skjønar lesaren at det ikkje dreier seg om rare turen. Oktava lagar likevel nokre velmeinte reglar for utfarten opp i skråninga bak huset til Dustefjerten:
1. Vi skal vera i godt humør.
2. Vi skal kosa oss.
3. Vi skal vera snille med kvarandre.
Dustefjerten gruar seg. Han håpar at nokon blir sjuke, slik at dei må snu og dra heim att.
Kvalitetane i Rune Belsvik-universet finst langs to spor: Det eine går på innsida av det kjende, det barnet straks vil forstå og gle seg over. Både figurane, dialogen mellom dei, skildringane og strukturen i forteljinga vender seg til lesaren gjennom det gjenkjennelege. Det andre sporet utfordrar, skaper undring og fører lesaren vidare. Forventningar vert brotne, karakterane er komplekse. I språket finst nye og uvande, men vedunderlege bilete: «Bekken sildra gjennom landet. Han var som eit langt kjølig sjal tvers over sommaren sin mage.»
Forteljingane om Dustefjerten finst også som lydbøker.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Barnebok
Rune Belsvik:
Dustefjerten og den store sommarferieturen
Cappelen Damm
I det vesle landet ved bekken er det tid for den store sommarferieturen.
Fantasiskapningane som bur her, er vanskelege å kategorisere, dei er både barn og vaksne, dyr og menneske. Namn som Dustefjerten, Oktava, Kavringreven og Bollefisen får det til å rykke i smilebandet og set fart i fantasien. Figurane har avgrensa, tydelege eigenskapar.
Store anslag og puslete realitetar er eit kjenneteikn ved den varme komikken til Rune Belsvik. Snart skjønar lesaren at det ikkje dreier seg om rare turen. Oktava lagar likevel nokre velmeinte reglar for utfarten opp i skråninga bak huset til Dustefjerten:
1. Vi skal vera i godt humør.
2. Vi skal kosa oss.
3. Vi skal vera snille med kvarandre.
Dustefjerten gruar seg. Han håpar at nokon blir sjuke, slik at dei må snu og dra heim att.
Kvalitetane i Rune Belsvik-universet finst langs to spor: Det eine går på innsida av det kjende, det barnet straks vil forstå og gle seg over. Både figurane, dialogen mellom dei, skildringane og strukturen i forteljinga vender seg til lesaren gjennom det gjenkjennelege. Det andre sporet utfordrar, skaper undring og fører lesaren vidare. Forventningar vert brotne, karakterane er komplekse. I språket finst nye og uvande, men vedunderlege bilete: «Bekken sildra gjennom landet. Han var som eit langt kjølig sjal tvers over sommaren sin mage.»
Forteljingane om Dustefjerten finst også som lydbøker.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.